Magasin

Kanskje det er like greitt å la tidevatnet ta Twitter-sandslottet ditt?

Vi som lev i den digitale verda legg igjen store mengder med data som vi ikkje ein gong er klar over. Vi tenkjer ikkje ein gang over det. Livet ditt eksisterer på fleire sfærar. Den fysiske kroppen din eksisterer i biosfæren, det sosiale sjølvet ditt eksisterer i den offentlege sfæren og no har forskarane begynt å snakke om datasfæren, informasjonssfæren eller den digitale sfæren.

Digitalt er òg fysisk

Vi tenkjer ikkje på digital informasjon som ein fysisk ting, men digital informasjon eksisterer ikkje berre i lause lufta. Digital informasjon er koda i digitale tal på ein disk. Digitale tal er som regel forkorta som bits når du leser om dei. Kvar einaste dag produserer du og eg til saman 2,5 milliardar bits med data. Vi trenger nesten 20 millionar mobiltelefonar med eit minne på 128 GB for å få plass til all data som menneskjeheta lagar på ein dag, eller meir enn 7 milliardar mobiltelefonar på eit år!

Det er mykje data. Det meste av det er data som INGEN kjem til å sjå på, nokon gong. Det blir liggande på ein eller annan server som er laga av plast, sjeldne mineral og som kontinuerleg suger til seg elektrisitet for å halde på dataen din. I tillegg kjem elektrisiteten til kjøleanlegget som ser til at serveren ikkje går så varm at han stoppar. Har du lyst til å sjå på epostane eg sendte i 1992? Joda, eg har dei, men er dette god bruk av ressursar?

Hovmod står for fall

Grunnen til at eg tar opp dette er at det i skrivande stund er 22 dagar sidan Elon Musk, løgnar, juksemakar og ein av verdas rikaste menn, tok over Twitter. Tilliten til annonsørane og den samla kompetansen til dei tilsette var to av dei viktigaste eigedelane til firmaet. Da jobba det 7500 menneskjer i den verksemda.

Det gjekk ikkje mange dagar før annonsørane bremsa på annonsekjøpa sine. Det produktet dei kjøpte var tryggleik for merkevara si, men dei arbeidsgruppene som fjerna hatefulle og ulovlege ytringar, eller passa på innhaldet var i tråd med menneskjerettane var blant dei første som gjekk.

Elleve dagar seinare var det berre 3700 tilsette igjen. Same dag gav Musk dei eit ultimatum, dei fekk enten ta sluttpakke eller så måtte dei forplikte seg til å arbeide døgnet rundt til Twitter slutta å blø pengar fordi annonsørane ikkje stoler på Elon Musk.

Musk har gjort dette før. Det var sånn han redda Tesla i sin tid, den gongen problema med Model 3 gjorde at selskapet held på å gå konkurs. Dei tilsette stilte opp fordi dei trudde på produktet, dei trudde på verksemda og dei hadde lit til Elon Musk. Det har ikkje dei tilsette i Twitter. Musk har behandla dei som skit sidan han tok over verksemda.

Det er ikkje kake igjen

No har 75 prosent av dei tilsette sagt at dei tar sluttpakke. Eit kjapt reknestykke viser at han kjem til å sitte igjen med 925 tilsette om få dagar. Innhaldsprodusentane, altså deg og meg, er no redde for at heile tenesta kjem til å gå på kne om kort tid. Ein haug har bedt om få kopi av Twitter-arkivet sitt, men den tenesta går stadig ned. Det er for mange som spør samstundes. Brukaravtala til Twitter seier at ein skal få kopi innan 24 timar. Mange som har kome igjennom heile prosedyren og fått bekrefta at Twitter har fått melding om at dei vil ha arkivet sitt, har no venta i meir en 72 timar.

Det kostar å halde på all data vi etterlet oss, men kva innhald er verkeleg verdt å ta vare på? Foto: C0.

Min Twitter-profil har eksistert i snart 15 år. Eg har skrevet nesten 23 000 kommentarar på Twitter. Om nokon ein gong skal skrive ein biografi om meg, hadde det vore eit gøyalt arkiv å grave i. Mykje meir gøyalt enn epostane frå 1990-talet. Men er det viktig, det eg har skrive på Twitter? Er det verdt den elektrisiteten og dei andre knappe ressursane som trengs for å halde liv i arkivet den dagen Musk gjer opp dei 44 milliardar dollarane han sløsa bort på å kjøpe Twitter og øydelegge heile produktet?

Livet er kort

Svaret er nei. Det er ikkje det. Kollapsen av Twitter er berre ein liten forsmak på val som verkelegheita kjem til å tvinge oss alle til å ta snart. Kva data er viktig nok til å ta vare på, og kva må vi kvitte oss med fordi det er for dyrt å halde liv i det. Det er ein boble som har vekse i fleire tiår, og det blir interessant å sjå kva val vi gjer når han sprekk.

Eg kjem til å la tidevatnet ta Twitter-slottet mitt når det kjem. Det var jo uansett augenblikkskapet som gjorde Twitter så fint til å begynne med. Dei menneskja eg fann saman med der, vil eg finne saman med på andre stader seinare. Dei gode samtalane har eg for alltid, men dei var over i det augenblikket samtalen var over. Eg får dei ikkje tilbake om dei ligg på ein disk ein stad.

Mest lest

Arrangementer