Magasin

Overvelda forvaltningsverksemder

Får du nokon sinne ei kjensle av at politikarane stadig gjer forvaltninga meir å gjere, utan å tenke over konsekvensane? Eg har i alle fall ei oppleving av at kommunar og statlege verksemder oftare ikkje får til å levera helt grunnleggande tenester.

Ein ting er systemisk juridiske skandalar som NAV-skandalen og bøtesonings«feilen» som har ramma over 4000 personar. Ein annan ting er helt grunnleggande tenester som at ungar har krav på opplæring, omsorg for personar som må ha helseoppfølging etter operasjonar på sjukehus, mindreårige flyktningar som berre forsvinn eller oppsyn med ungar som blir mishandla. Og da har me ikkje ein gong tatt tak i kvalitative krav om at prosjekt skal gjennomførast på tid, budsjett og til standard! Eller etterleving av internasjonale avtaler.

Spennande studie

Men det er ikkje berre eg som har gått og tenkt på dette. Nyleg publiserte Christoph Knill, Yves Steinebach and Dionys Zink frå Ludwig-Maximilians-Universität Munich ei studie av kva vekst i politikkbehaldninga gjer med ein forvaltningsorganisasjon. Dette er eit problem som kjem til å bli stadig meir synleg no som dei liberale demokratia begynnar å bli mogne organisasjonar. Vi ser det både utanlands og her heime.

Forfattarane peikar på at dei som forskar på gjennomføring av politikk sjeldan ser på det frå forvaltningsverksemdas standpunkt, dei ser heller på korleis den vedtekne politikken blir omset til handlingar og vedtak i forvaltninga. Men om verksemda ikkje har nok ressursar til å gjere meir, kva skjer da?

Når politikarane overlèt prioriteringa til forvaltninga

Forfattarane snakkar om policy triage. Triage er ordet medisinarane brukar om prioriteringa dei gjer på legevakta til dømes. Mogleg brot i armen kjem litt lenger bak i køen, samanlikna med brystsmerter som kan være eit hjarteinfarkt. Eit barn som har vondt, kjem framfor ein voksen som har vondt. Forvaltningsverksemder gjer heile tida sånne prioriteringar med sine ressursar. Til dømes har Politiet, fram til nå, valt å gå etter folk som har brukardoser av ulovlege rusmiddel fordi det gjer oppklaring på direkten, noko som ser fint ut på statistikken dei må sende til Justisdepartementet kvart år.

Men jo fleire oppgåver ein verksemd har, jo meir triage må dei gjera. Etter kvart blir det veldig synleg kva oppgåver som systematisk og rutinemessig har blitt nedprioritert, og ein kan sjå systematiske feil på tvers av oppgåver som har interne avhengigheiter mellom seg. Til dømes har BaneNOR prioritert ferdigstilling over tryggingstiltak, noko som ble veldig synleg då eit tog vart ståande fast inne i den nye Follo-tunellen i fleire timar med ein straumførande leidning liggande på taket.

Sårbarheitsfaktorane

Dei offentlege verksemdene blir meir sårbare dersom det er enkelt for politikarane å legge gjennomføringskostnadane på verksemdene eller det er vanskeleg for verksemdene å skaffe meir ressursar, som til dømes å få meir pengar, hente personale frå andre verksemder eller liknande. Om gjennomføringa av eit politisk prosjekt ikkje går så bra, har det ein kostnad for dei politikarane som har saka på skrytelista si. Ei sånn sak vi har sett nyleg er den nasjonale statistikken over folk som eigentleg treng ein pleieplass, men som ikkje får ein fordi kommunen ikkje har plass eller råd. FrP kjempa igjennom denne saken for nokre år sidan, men nå har Støre-regjeringa sagt at kommunane ikkje lenger treng å rapportere det oppover i systemet. Det tek for mykje ressursar og blir ikkje nytta til noko.

Forfattarane har analysert den politiske triagen til to ulike miljøforvaltningsverksemder i Storbritannia, ein i Irland og ein i England. Dei har òg sett på spelerommet til politikarar lokalt og regionalt har for å skaffe meir ressursar eller overlate gjennomføringskostnaden på andre. Offentlege verksemder som likna på kvarandre innanfor Storbritannia hadde heilt ulike triage-nivå. Den irske miljøforvaltninga hadde høyt triage-nivå, mens den engelske hadde eit lavt triage-nivå. Lokale og regionale politikarar hadde og heilt forskjellig spelerom for å skaffe ressursar eller måtte ta på seg ansvar.

En mob med fakler og høygafler fra Frankenstein (1931). Skjermdump: Universal Studios.

Den langsiktige kostnaden er forakt for politikarane

Denne studia er nybrottsarbeid, men vi får forhåpentlegvis sjå fleire studiar av problemstillinga framover. Vi kjem nemleg til å sjå fleire og fleire dømer på at offentlege verksemder bli overbelasta av at politikkbehaldninga dei må gjennomføre blir for stor framover. Dette er eit viktig kjenneteikn på modne liberale demokrat, men eg ser ikkje at politikarane har funne gode verktøy for å prioritere vekk politikk enno. Ikkje vil dei prioritere heller. Så då får dei skyve jobben over på forvaltninga, som ikkje er demokratisk valt. Det kjem til å koste tilliten til demokratiet på lang sikt.

Mest lest

Arrangementer