Kommentar

Kva skjer hos Politiet?

2022 har ikkje vore eit godt år for Politiet. I 2020 fekk dei første plass på IPSOS sin årlege måling på kva etatar som har best omdømme. I 2021 ramla dei ned på tredje plass. I oktober tok politidirektør Benedicte Bjørnland opp omdømmefallet på landsmøtet i Politiets Fellesforbund. I følgje Politiforum sa ho at det ikkje var noko dårleg resultat, men at ho skulle ønskje dei hadde klart å halde på førsteplassen.

Politidirektør Benedicte Bjørnland. Foto: Politiets sikkerhetstjeneste CC.BY.SA.
Politidirektør Benedicte Bjørnland kan ikkje ha hatt ein god dag då IPSOS-målinga viste at Politiet hadde rast nedover lista over etatar med godt omdømme. Foto: Politiets sikkerhetstjeneste CC.BY.SA.

Ho kan ikkje ha hatt ein god dag, når IPSOS-målinga for 2022 kom to dagar seinare. Politiet låg no på tiande plass på lista. Eg trur ikkje at fallet stoppar her.

Plakatane

Denne veka vart det kjent at Statsadvokaten har tiltalt ein person etter straffelovas §266 som lyder slik:

«Den som ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd forfølger en person eller på annen måte krenker en annens fred, straffes med bot eller fengsel inntil 2 år.»

Personen har hengt opp nokre etterlysningsplakatar i Oslo sentrum, der dei etterlyste er statsadvokat Geir Evanger og politiinspektør Jan Erik Bresil. Plakatane forklarar kva dei er etterlyst for og har ein QR-kode ein kan skanne for å kome til ein nyhehendesak om kvar av dei to. Dei er både medlemmar av Norsk Narkotikapolitforeining (NNPF) og har hatt ein høg profil i narkotikadebatten.

Det er ikkje måte kva sakar Politiet har avvist fordi dei ikkje har ressursar, men i august fant Politiet i Oslo ut at dei HADDE tid og ressursar til å etterforska kven som hadde laga desse plakatane som tydeleg var politiske ytringar. Evanger meiner at plakatane er eit trugsmål mot hans eiga ytringsfridom.

Rolleblandinga

Dei siste åra har ei gruppe frivillige utfordra rolla til NNPF og korleis politifolk og statsadvokatar har blanda saman si rolle i foreininga med si aktivitet i denne frivillige organisasjonen. Politiet har monopol på å utøve makt ovanfor innbyggjarane her i landet. Dei er sivilsamfunnets harde knyttneve.

Til dømes har NNPF oppmoda vidaregåande skolar om å stenge Unge Venstre ute frå valdebattar fordi dei hadde plakatar som støtta rusreforma. Eit tydeleg åtak på ungdommars ytringsfridom. NNPF har fått krevje inn medlemskontingent via lønnsslippen til medlemmane sine. Det er det berre fagforeiningar som får gjere. Dei stiller opp på oppdrag for denne frivillige organisasjonen i uniform, i arbeidstida og blir ikkje trekt i lønn for det. Det har gått så langt at Justisdepartementet har bestilt ei uavhengig gransking av rolleblandinga, som har vorte forsinka fordi NNPF nektar å samarbeide. Den offentlege granskinga måtte hente inn informasjonen frå Nasjonalarkivet og andre offentlege kjelder.

Kravet om at loven ikkje gjeld i narkotikasaker

I mange år har menneskjer som lir av rusbruk blitt ransaka ulovleg. Politiet har rutinemessig gått igjennom telefonen deira, tvinga dei til å kle av seg, undersøkt holromma i kroppen deira og dei har blitt ulovleg fengsla for ubetalte bøter. I tillegg har ikkje tvangsmiddelbruken vorte protokollført slik han skal. Riksadvokaten har vorte merksam på dette, og gjort instruksane om kva maktmiddel Politiet har klokkeklare.

Det vart det så mykje bråk av, at Riksadvokaten undersøkte kva praksis Politiet faktisk hadde. Igjen slo Riksadvokaten fast kva tvangsmiddel Politiet hadde og stilte krav om at den ulovlege verksemda skulle stoppe. Domstolane har følja opp dette arbeide og har kasta ut saker der Politiet har nytta ulovlege maktmiddel i etterforskinga.

Under heile denne prosessen har Politiets Fellesforbund, medlemmar av NNPF og andre påstått at dei ikkje lenger forstår kva dei har lov til å gjere. Dei påstår at Riksadvokaten har tatt frå dei maktmiddel som dei har hatt, sjølv om dei aldri har hatt det. Systemet har berre sett ein annan veg over den ulovlege maktbruken. Det er nærliggande å spørje om de ikkje er i stand til å gjere jobben sin, eller om dei rett og slett ikkje vil gjere jobben sin.

Dei siste månadene har dei starta ein kampanje mot Riksadvokaten, kor dei påstår at Riksadvokatens klargjering av retningslinjene deira er eit politisk kupp mot Stortingsvilja, sjølv om Domstolane har sagt seg einig med Riksadvokaten og Politiet har bedt om orsak. Politifolka som kom med desse påstandane underskriv med at dei er politifolk og blir avbilda i uniform. Det er eit brot på tenesteregelverket. Det skjedde sist denne veka.

Politiet må få orden

Politidirektøren har ikkje klart å få orden på dette kaoset på meir enn eit år. I tillegg har Politiet klart å be om utvida fullmakter til å være væpna permanent midt oppe i omdømmeraset. Klarer ho ikkje å få sine tilsette til å skilje mellom jobb og politisk aktivisme snart, så kjem Politiet sitt omdømme til å rase så langt ned at dei ikkje ein gong kjem med på den årlege presentasjonen til IPSOS. Det er ikkje berre ein tragedie for Politiet, men for heile samfunnet vårt.

Mest lest

Arrangementer