Kommentar

Kva faen, Nils August?

Før eg tar tak i dei etiske problema til Andresen, vil eg be lesarane våre om orsak for overskrifta. Eg er ikkje nokon fan av at norsk journalistikk er på fornamn med alle som har makt. Det er ikkje sømmeleg, og det viskar vekk forståinga av assymetrien i Norge utan å jamne ut forskjellane. Samstundes skjønner eg at redaktøren i Minerva, Nils August Andresen, vil utnytte den politiske medvinden til leiaren i FpU, Simen Velle.

Eg må eigentleg fortsette å be Liberalerens lesare om orsak, for eg skal om kort tid halde fram med ein journalistisk praksis eg ikkje likar. Det er ikkje greitt å bruke redaktørmakta si til lett forkledde personangrep, sjølv om ein gjer det for ein god sak.

Dei siste dagane har Andresen skrive både prosa og poesi for å fremme rusreform. Det er ein god sak som sjølv avholdsfolket i Liberaleren stiller seg bak. Andresen bør skrive meir om det, men han bør ikkje skyve kostnaden over på Velle. Akkurat no, som eg sitt her og skriver er saken “Foxtrot elsker Narko-Simen – og forbudslinja” toppsaken til Minerva.

Narko-Simen?! Serr?!

Eg forstår at ein middelaldrande mann frå St. Hanshaugen med høg personleg formue har behov for låne grep frå VG for å gjere tidsskriftet han styrer meir interessant, (Det var dette eg ba om orsak for tre avsnitt ovanfor.) men sjølv VG har eit sterkare forhold til Vær Varsom Plakaten enn Andresen. Sjølv VG, du veit, tabloidavisa som stoppa Trond Giske sitt forsøk på å gjenerobre makta ved å presse ein sjukepleiarstudent til framstå som ho vart utsatt for #metoo.

Eg forstår at det er fristande å forsøke å selje Minerva-abonnement på Velle sin kostnad. Eg gjer det. Men, presseetikk og sånt.

Simen Velle er den politikaren i Norge som har mest medvind om dagen. Han har levert ein vellykka valkamp. Han er ung, fotogen og populær. Sjølv venninnene eg har på venstresida synest Velle er sympatisk. Han har klart å få støtte frå populistiske velgarar ved å vere menneskeleg, snarare enn å vere hatefull. Han har framtida foran seg. Oslo FrP er smarte om dei erstattar Christian Tybring-Gjedde med Tor Mikkel Vara og Simen Velle.

VG brukar kallenamn som eit tabloid verkemedel. LO-Peggy og Jern-Erna er berre nokre dømer frå nær fortid. Andresens valg av Narko-Simen er langt over grensa for kva som er sømmeleg. Tabloide kallenamn ikkje er aukenamn. Velles val av rusmiddel i ei livskrise i tenåra er ikkje eit definerande trekk ved Simen Velle. Eg er òg heilt sikker på at Velle ikkje har noko sympati med kriminelle nettverk frå Sverige.

Ungdom og rus er frukt som henger lavt. Ambisiøs ungdom og rus er ikkje akkurat rakettvitskap.
Forsøket på journalistisk nyvinning i Minerva skammeleg, men det er dårleg journalistisk handverk. Andresen skyldar Velle ei unnskyldning og kommentaren hans bør korrigerast med ein gong. Serr!

Oppdatering:
Nils August Andresen har peika på at orginalteksten hans var meint ironisk.
Vi er framleis ikkje samde om verkemiddelet han brukte var for sterkt.

Mest lest

Arrangementer