Kommentar

Er alle vakne?

Du ligg og søv. Du har kanskje vore på fest, du har kanskje teke nokre rusmiddel, alkohol eller noko anna. Uansett er du trøytt etter ein lang natt der du har vore sosial og saman med vener. Og no kvilar du ut med ein god følelse i heile deg, endorfinane kroppen din har laga fordi du har vore saman med folk og de har laga eit fint fellesskap halve natta.

Noko forstyrrar deg i søvnen din. Du snur og vender på kroppen for å riste det vekk. Det går ikkje vekk. Alarmklokkene går i kroppen, du blir litt meir vaken, men du søv tungt. LItt meir vaken er ikkje vaken, ikkje i nærleiken ein gong.

Her skil forteljinga seg, avhengig av kva kjønnsorgan du har. For ein mann, kan det vere at han kjenner noko omgi kjønnsorganet sitt, eller noko som penetrerar anus. For ei kvinne er det ofte nokon som grip tak i delar av kroppen din, eller noko som penetrerar ein eller annan opning. Kroppen din blir brukt av nokon andre, det er ikkje sikkert du er vaken nok til å vite kor du er eller kven det kan vere. Noko skjer med kroppen din.

Det er alt for mange som har opplevd slikt. Eg veit ikkje om ei einaste dame som ikkje har vore utsett for at nokon har tatt tak i kroppsdelar eller gjort andre ting som dei aldri ville ha sagt ja til. Er det rart at kvinner har laga eit filosofisk spørsmål ut av problemstillinga? Vil du heller vere aleine i skogen med ein bjørn, eller ein mann? Eg kjenner mange nok menn som har opplevd slik til at eg veit at dei òg borde borde snakke meir om uønska seksuell merksemd.

Eg har opplevd slike situasjonar fleire gonger. Det alle mine oplevingar har til felles, er at det var nokon eg stolte på. Nokon eg har kjent lenge. Den mest alvorlege var at nokon skulle gje meg avskjedsklem, men lente seg inn og kyste meg i staden. Det høyrest ikkje så alvorleg ut, eg forstår det. Han var gift, og eg var ikkje singel. Og han gjekk heim og fortalte kona si kva som hadde skjedd. Eller i alle fall nesten. Eg har aldri fått klarhet i korleis han framla den historia. Eg veit berre at eg ikke kyste nokon. Eg ba han om å slutte. Men det blir bråk av sånt. Sosialt bråk. Vi er ikkje vener lenger.

Og når vi er inne på sosialt bråk. For såkalla uønska seksuell merksemd er jo eit glatt og pent namn på at nokon har har gjort noko mot ein annan, som den andre ikkje ønska at skulle skje. Ein annan gang var eg på Lorry’s og nokon eg òg stolte på var litt full. Vi var ein stor gjeng på Lorry’s den kvelden. Eg hadde vore i baren å henta drikke til bordet mitt. Ein ven av ein ven stoppa meg med å legge hendene på brystene mine, midt framfor alle felles vener og kjente. Eg hadde hendene fulle med andre folk sine glass. Dette mennesket har bedt om orsak, og vi er framleis vener.

Ein annan gong låg eg sov, på ein sofa. Det var ein varm sommarnatt, vi hadde vore ute og grilla i parken. Vi hadde sitti oppe halva natta og prata. På soverommet låg venninna mi og sambuaren hennar. Det vil si venninna mi låg og sov. Eg vakna av at sambuaren låg oppå meg, og inni meg. Eg var ikkje sikker kva som gjekk for seg, for eg var ikke heilt våken. Eg låg helt stille og håpa at det skulle slutte snart. Det er den vanlegaste reaksjonen når ein blir utsatt for seksuelle overgrep. 

Han gjorde seg ferdig, eg sovna igjen. Morgonen etter lista eg meg stille ut før dei vakna. Det skulle gå fleire år før eg forsto kva som hadde skjedd. Hjernen min klarte ikkje å bearbeide heindinga. I mellomtiden hadde eg trukke meg unna dei to. Eg mista ei god venninne og ho veit antagelegvis ikkje korfor eg forsvann den dag i dag. Uønska seksuell merksemd har konsekvensar langt forbi den eine hendinga. Det gjer sjokkbølgar inn i vennegjengar og får varige konsekvensar for kven som høyrer til og ikkje.

I følge ein dom i Høgsteretten denne veka var eg ikkje var utsett for ein valdtekt. Eg veit ikkje kva anna det kan ha vore. To gonger dei siste vekene har det vore innlegg mot ein samtykkeparagraf her i Liberaleren. Av ein eller annan grunn trur Eidshagen at samtykke betyr at ein må inngå ein kontrakt i forkant.  Mosfjell går i den same formalisitiske fella, og trur slike kontraktar kan føre til fleire overgrep. Men det er jo ikkje det samtykke handlar om. Samtykke handlar om aktiv kommunikasjon undervegs.

Eg høyrer ofte argument som dei Eidshagen og Mosfjell kjem med i denne debatten, og dei eg snakkar med blir ofte litt stille når eg spør om dei ikkje forsikrar seg om at partneren deira har det fint når dei har sex. Så enkelt er aktivt samtykke. Spørsmål som “Er dette godt for deg?”, “Likar du det eg gjer no?” og “Vil du ha meir?” tar ikkje noko vekk frå den felles opplevinga, dei gjer den betre.

Eg forstår ikkje korfor heteroseksuelle menn synest dette er så vanskeleg. Manglar dei grunnleggande relasjonskompetanse? Vi høyrer regelviss om unge menneske som blir slått og kvelt utan at dei har blitt spurt eller har gitt samtykke på førehand. Det kan sjå ut som om det er ein oppfatning om at dette er normal adferd ein skal forvente seg når ein har sex. Det er ikkje det, det er sånt ein må spørre om undervegs. Fetishmiljøa, der folk oppsøker og testar ut grensesprengande sex, har tydelege regler om samtykke, aktivt, undervegs. Kommunikasjon er ein viktig del av gode seksuelle opplevingar.

Et flytskjema
Helsedirektoratets liggeveiviser. Kilde: Helsedirektoratet.

Eg lo da Helsedirektoratet tidlegare i år lanserte eit flytskjema dei kalte “Liggeveiviser”. Finnest det ikkje grenser for kva den omsorgsfulle staten skal rettleie oss om? Den tar for seg samtykke på eit helt grunnleggande nivå. Den stiller spørsmål vi alle må stille når vi vil ha sex med nokon. Er den andre i stand til å gje samtykke? Den går ikkje ein gong inn på aktiv stadfesting undervegs, som eg snakkar om. 

Liggerettleiaren kan gjere vaksne mennesker litt lattermilde, men det er alt for mange som har opplevd det eg har. Valdtekt, som ikkje møter Høgsterett sin terskel for “ikkje å være i stand til å gjere motstand”. Samtykkeparagraf handlar ikkje om kontraktar eller BankID, den handlar i første omgang om “Er dette mennesket i stand til å samtykke?” Om svaret er ja, handlar det om “Er det eg gjer godt for det andre mennesket?” For det er vel det som er poenget med sex, er det ikkje? Å lage gode opplevingar saman med eit eller flere andre menneske?!

Vi treng ein samtykkeparagraf i straffeloven. Så enkelt er det. Å være ute av stand til å gjere motstand er ein terskel som er alt for høg.

Mest lest

Arrangementer