Kommentar

Er skatt det viktigaste?

Eg blir stadig litt oppgitt over at norske liberalistar har så late argument. Seinast no forsøkte Petter Holone seg på det klassiske «Skatt er tyveri!»-argumentet, som jo er eit søtt argument, men det har veldig lite med korleis den norske staten finansierar si verksemd, eller veksta i verksemda si.

Vi er rentenistar, heile gjengen

Staten reknar med å få 2 378,3 milliardar kroner i inntekt i år, men om vi held renteinntektene frå Oljefondet unna, så er inntektene til staten 1 520,1 milliardar. Renteinntektene frå Oljefondet er dermed 858.2 milliardar kroner, eller 36 prosent av statsbudsjettet. Sidan 2012 har renteinntektene til Oljefondet vore større enn petroleumsinntektene til Oljefondet. Noreg er altså en renteniststat, staten vår lever av renteinntekter.

Norges Bank, hvor Statens Pensjonsfond Utland holder til. Foto Mahlum/Wikipedia. C0.

Skatt er berre en liten del

Skatt på inntekt og formue er 418 milliardar, altså omtrent halvparten av renteinntektene frå Oljefondet. Som prosentvis del av inntektene til den norske staten er skatt på inntekt og formue 17,5 prosent dersom vi tar utgangspunkt i Statsbudsjettets inntekter med renteinntektene frå Oljefondet, eller 27,5 prosent dersom vi bruker Statsbudsjettets inntekter utan å ta med renteinntektene frå Oljefondet.

Et kakediagram som viser kildene til statens inntekter.
Inntektene på statsbudsjettet i 2024, utenom lånetransaksjoner. Milliarder kroner. Kilde: Regjeringen.no.

Dei fire største inntektspostane på statsbudsjettet er altså renteinntekter frå Oljefondet, Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift, Skatt på inntekt og formue og Meirverdiavgift.

Oljefondet gir 858.2 milliardar eller 36 prosent.
Arbeidsgivaravgift og trygdeavgift gir 455 milliardar eller 19 prosent.
Skatt på inntekt og formue gir 418 milliardar eller 17,5 prosent.
Meirverdiavgift er 399 milliardar eller 17 prosent.
Desse inntektene gjer totalt 2 130.2 milliardar eller 89,6 prosent av statens inntekter.

Avgift er skattlegging av forbruk

Av dei store inntektspostande på statsbudsjettet er altså den største inntekta til den norske staten frå oljefondet, avgifter er dei nest største, og skatt den minste. Og ja, avgifter er ein form for skattlegging, men det er skattlegging av forbruk og ikkje av inntekter. Om vi skal snakke om kor mykje pengar staten brukar, er det ein viktig nyanse, spesielt når ein skal kritisere omfordeling via statsbudsjettet. Det er det Holone forsøker seg på, gjennom å bruke kvinnefiendtlege mytologiske rollefigurar. Du må gjerne tenke at dette er detaljar som ikkje er naudsynte, men dei er viktige.

Nederlandsk sjuke

Sjølv er eg mykje meir uroa over det offentlege forbruket finansiert frå Oljefondet enn frå skattesatsane. Det har auka stort dei siste åra. I 2022 var renteinntektene rett under 20 prosent av statsbudsjettet. Ein auking frå 20 prosent til 36 prosent på to år er mykje. Resultatet er ein offentleg sektor som veks fort og som veks seg sterk samanlikna med resten av den norske økonomien.

Et kakediagram som viser kildene til statens inntekter.
Inntektene på statsbudsjettet i 2022, utenom lånetransaksjoner. Milliarder kroner. Kilde: Regjeringen.no.

Det er ein form for hollandsk sjukdom, der inntektene frå rentene frå naturressursane brukast til å finansiere ein stor offentleg sektor. For eksempel har vi sett at lønnsutviklinga i det offentlege er større enn i dei norske eksportnæringane, på tross av frontfagsmodellen. Det gjer at arbeidskraft forflyttes inn i det offentlege. Eg misunner ikkje framtidas politikarar som vil måtte rydde opp i dette om nokre år. Det er jo ikkje som om vi ikkje samstundes står framfor ein drastisk auke i pensjons- og pleieutgifter. Det er også noko framtidas politikarar må rydde opp i, at færre arbeidstakarar skal betale for pensjonen til ein stor gruppe pensjonistar. Det store oljeforbruket gjer at vi flyttar ressursar inn i offentleg sektor, som ville ha vore brukt meir effektivt andre stader.

Naudsynt skatteomlegging

Noreg har ein lang tradisjon for å hente inn fagkunnskap gjennom offentlege utgreiingar. Regjeringa ber regelmessig ekspertar om å ta ein till på skattesystemet i heilskap. Det siste utvalet var Torvik-utvalet som i 2022 la fram NOU 2022: 20 – Et helhetlig skattesystem. Støre-regjeringa la fort i skuffen, slik dei to siste regjeringane har lagt seg for vane.

Saman med dei internasjonale reglande for kapitalskattlegging som kjem snart, gjer Torvik-utvalet nokre gode peikepinn på korleis skattesystemet bør leggast om for å møte dei demografiske endringane. Forslaga frå utvalet inkluderer redusert skattlegging av formue og arbeidsinntekter, høgare skatt på pensjonsinntekter, auka skatt på forbruk vi ønsker mindre av, som for eksempel grunnrentebruk, karbon, sukker og alkohol, og høgare skatt på fast eigedom. Det vil vere provenynøytralt på kort sikt, altså staten får ikkje fleire inntekter av omlegginga. På lang sikt kan dei auka skatteinntektene brukas på å sette ned skattelegginga.

Vedum kjem ikkje til å ta tak i forslaga med ein høygaffel ein gong, så omlegginga til eit meir effektivt skattesystem med for lite arbeidskraft og for få arbeidstakarar til å betale pensjonar blir utsett så lenge dagens politikarar kan få det til. Før dei må. Sånn som dei har gjort med omlegginga av energisystemet.

Inntektene frå Oljefondet er det største problemet

Men tilbake til poenget til Holone. Skatt er ikkje problemet. Renteinntektene er problemet. Om ikkje politikarane snart sluttar å ta spe på med oljepengar i kvart budsjett, kjem AS Norge til å få eit stort problem. Skarpe kutt i offentlege budsjett kjem til å legge fleire avgrensingar på valfridomen enn skattenivået vårt gjer i dag. Det bør bekymre liberale meir enn skattenivået.

Sjølv om det hadde vore fint at skattenivået gjekk ned, er det den offentlege bruken av renteinntektene frå Oljefondet som må ned. Offentleg sektor må ikkje få vekse ut av alle dimensjonar samanlikna med andre OECD-land. Vi har allereie ein offentleg sektor som gjer for mykje, men det er finansiert av en auking i renteinntekter, ikkje i skatteinntekter.

Mest lest

Arrangementer