Magasin

Verdsrommet, den endelege søppelfyllinga?

New York Times kunne melde om at tonnevis med skrot frå verdsrommet faller ned på jorda kvar einaste dag. Flammande metallbitar krasjar ned i bygningar og parkar. Avisa lurar på kven som skal ta på seg skylda og kven skal betala for skadane. Det er gode spørsmål, når vi samstundes sender meir og meir opp i bane nær jorda.

Når eg søker i arkiva til Liberaleren har eg skrive om søppel i verdsrommet før, to gonger før faktisk! Men det ligg nokre interessante spørsmål her. Verdsrommet er ein allmenning, ein ressurs som alle kan bruke. Slike allmenningar er ressursar som er dømde til kollaps i følgje økologen og nativisten Garrett Hardin. Han skreiv artikkelen Allmenningens tragedie i 1968, noko som gjorde han til eit ikon for miljørørsla både i USA og internasjonalt. Han meinte at allmenningen måtte delast opp og privatiserast eller styrast av ein sentral styresmakt for å overleve.

Elinor Ostrom på pressekonferansen for Nobelprisen 2009. Foto: Wikipedia CC.BY.SA.

Det finnest felles ressursar som ikkje kan privatiserast og det finnest betre styringsløysingar enn sentralmakter for å styre slike alllmenningar på ein berekraftig måte, altså på ein måte som ikkje brukar opp ressursen. Det har økonomen Elinor Ostrom vist oss gjennom sine analyser av både teoretiske, empiriske og eksperimentelle undersøkingar. Arbeidet hennar var så viktig at ho fekk Nobelprisen i økonomi i 2009. Ho var utpeika til æresdoktor på NTNU året før og boka hennar Governing the Commons er med i den liberale kanon. Eg har tidlegare argumentert for at ho er ein av tenkjarane som må få større plass i løysingane liberalistar må finne for problema vi står ovanfor i det 21. hundreåret.

Forsiden på Elinor Ostroms bok Governing the Commons.

Elinor Ostrom viste at folk er i stand til å organisere seg sjølv. Dei veit som regel best korleis dei skal handtere nærmiljøet sitt og lage eigne, effektive reglar for korleis det skal styrast. Ho laga åtte prinsipp for korleis slike grupper lykkast å unngå allmenningen sin tragedie.

  • Allmenningen må ha regler for kven som kan bruke ressursen.
  • Allmenningen må ha regler som passar til dei lokale forholda.
  • Allmenningen må ta med alle når dei lagar reglane.
  • Allmenningen må ha oversyn og handheving av reglane.
  • Allmenningen må ha ein gradvis straff for dei som bryter reglane
  • Allmenningen må ha ein konfliktløysing som er lett tilgjengeleg.
  • Allmenningen må ha retten til å organisere seg sjølv i møte med sentrale styresmakter.
  • Allmenningen har størst verking når han er del av større nettverk.

Vi har altså ein liberal løysing på korleis ein skal handtere forsøplinga av rommet. Denne vel utprøvde metoden kan òg inkludere reglar for konsekvensane av at romsøppel som ramlar ned i hovudet på folk og samfunn. Verdsrommet treng ikkje å vere den endelege søppelfyllinga.


Ein kort presentasjon av Elinor Ostrom frå Fraser Institute.

Mest lest