Magasin

Ubehaget i kulturen

Dei siste tre åra har den norske venstresida klart å lage heile tre bøker der hovudtemaet har vore Friedrich Hayek, Milton Friedman og den fridomsrørsla som Liberaleren er ein liten utpost av. Den første boka heter Det er nok nå og er skrevet av Linn Stalsberg og kom ut i 2019, den andre heter Markedsvendingen : nyliberalismens historie i Norge av Ola Innset og kom ut i 2020 og den siste heter Korstoget mot velferdsstaten: På innsiden av nyliberale tenketanker av Ivar Hippe og kom ut i 2021.

Forsidene på bøkene Det er nok nå av Linn Stalsberg, Markedsvendingen av Ola Innset. Kampen mot velferdsstaten av Ivar Hippe.

Eg har tatt ein titt på desse bøkene. Dei er svært forskjellige, samstundes som dei er ein del av ein større internasjonal samtale om nyliberalismen. Eg veit at fleire av lesarane våre vrir seg litt utolmodig i stolen når eg snakkar om rørsla og nyliberalisme. Eg skreiv om omgrepet nyliberalisme i går og eg skal starte denne teksten med å forklare kva rørsla er for noko. Og kva rørsla ikkje er. Det er kanskje viktigare, for det er ikkje alle forfattarane som heilt forstår kva det er, sjølv om dei har skrive ei heil bok om saka!

Eg veit at enkelte i rørsla har store problem med bøker i denne sjangeren fordi dei målar eit vrengebilete av kva nyliberalisme er. Bruce Caldwell, ein av verdas fremste historikarar på den nyliberale idéhistoria, har peikt på at vrengebiletet kjem av at få av forfattarane har lest Hayek eller Friedman. Om ein ser på kjeldene dei brukar når dei siterer kva Hayek eller Friedman meiner, siterer dei kvarandre. Til denne lista vil eg òg leggje til at enkelte av dei har lest både Hayek og Friedman, men dei har openbart ikkje forstått godt nok kva dei har lest, men det kjem vi til litt seinare i teksten.

Den økonomiske historikaren Bruce Caldwell har brukt dei siste 25 åra på Hayeks samla verk. Det siste bindet i serien vart publisert no på nyåret. Skjermdump: Institute of New Economic Thinking.

Kva vi kan lære av kritiske røyster

Om du er ein av dei som synest det er urettferdig at folk kjem med kritikk av idéane som du sett høgt. Kritikk du opplever som urettferdig fordi idéane ikkje presenterast slik du kjenner dem, fordi folka som kritiserer kjem frå andre politiske leirar og fordi at idéane våre om korleis ein skapar det eit samfunn som er godt for alle er dei beste i heile verda. Finn hjartero i å vita at nyliberale idéar er dei som skapar et samfunn som er godt for alle.

Samstundes er det rimeleg at det kjem kritikk av idéane som set samfunnsagendaen. Det er teikn på ein sunn offentlegheit. Og om du skal være heilt ærleg, så har marknadsløysingar vorte den dominerande løysinga i Noreg dei siste 30 åra. Marknadsmekanismar har vorte brukt der Hayek og Friedman aldri nokosinne førestilte seg at det skulle skje. Dei har til og med vore brukt der dei to økonomane sa dei aldri skulle vore brukt!

Vi skryt ikkje om vi seier at dei nyliberalistiske idéane har hatt ei stor påverking på samfunnet sidan 1970-talet. Det har dei, over heile verda. Og resultatet har vore slåande. I 1970 levde nesten halvparten av verdas befolkning under 2 dollar dagen, mens det same talet no er rett under ni prosent. Om du tenker at endringa berre har med befolkningsvekst å gjere, er dei dei konkrete tala 1,8 milliardar av 3,7 milliardar i 1970, mot 670 millionar av 8 milliardar menneske i 2018. Nedgangen i fattigdom i perioden der marknader har vore den første løysinga vi har tydd til er uverkeleg.

Sjølv om marknadsløysingar har slike resultat å vise til, betyr det ikkje at desse løysingane ikkje kan forbetrast meir. Kritikk er eit teikn på at vi stadig kan gjere samfunnet betre, og det er noko både motstandarar og tilhengarar av marknadsløysingar tener på.

Antall mennesker som lever i ekstrem fattigdom har gått drastisk ned, på tross av at befolkningen har økt. Graf: Gapminder.

Til sist vil eg berre si at når folk brukar så mykje tid på å kritisere idéane dine at dei skriv bok, er det eit teikn på at idéane dine har kraft og påverking. Om du ser tekstar om nyliberalisme som du synest er urettferdige, ta fire djupe pust og tenk over at dei som brukt tida si til å skrive teksten ønsker å påverke samfunnet i ein betre retning. Korreksjonen treng ikkje være så stor, men det kjem eg tilbake til seinare.

Husk at idéane du trur på har hatt virka så sterkt på samfunnet at du kanskje sjølv bør ta ein titt på kva du sjølv vil korrigere. Husk òg at ditt eige idéfellesskap har sterke og feilaktige bilete av idétradisjonane til dei som kjem med kritikken. Kritikk er ein invitasjon til ein samtale og det er måten vi bryter idéar mot kvarandre for å finne konsensusløysingane som gjer flest menneskje i samfunnet vårt den løysinga som fungerer for dei breie laga av samfunnet, sjølv om det ikkje er den mest utopiske verda du kan tenkje deg.

Det nyliberalistiske tankekollektivet, òg kjent som rørsla

Omgrepet det nyliberalistiske idékollektivet har eg henta frå Mirowski og Plewhe, som er kritiske til den liberale tradisjonen, slik dei tre norske forfattarane er. Sjølv om forfattarane har ein idé om at det nyliberalistiske idékollektivet er mykje meir samkøyrt og samorganisert enn kva som er tilfellet, synes eg at omgrepet er nyttig. Vi er eit laust kollektiv av folk som har eit idéfelleskap. Vi trur at et liberalt demokrati gjer det beste rammeverket for å byggje eit godt samfunn. Det liberale rammeverket byggjer på demokrati, sivilsamfunnet, like rettar i lova og marknadsløysingar. Det at marknadsløysingane er ein av løysingane vi skal ha med, er unikt for det nyliberalistiske idékollektivet.

Ein kan grovt dele det nyliberale idékollektivet inn i tre, ein akademisk del, tankesmiedelen som driv med politisk analyse, produksjon og marknadsføring, og ein politisk del. Den som Liberalerens lesarar kjenner best er den politiske delen. Både i Noreg og i resten av verda slit den politiske delen av rørsla med å få politisk påverking som sjølvstendige parti, men ein rekke politikarar har hatt stort hell med å stå for nyliberale idéar inne i eksisterande politiske parti. Dei to mest kjente er sjølvsagt Ronald Reagan og Margareth Thatcher, men vi har døme på folk som har satt nyliberale prosjekt på agendaen både i Venstre, Høgre og FrP.

I tankesmieverda er det stor variasjon frå agendasettande tankesmier som Cato Institute, Civita og Institute of Economic Affairs, til fagspesialisttankesmier som Competitive Enterprise Institute og Institute for Justice. Vi har lokale, regionale og delstatstankesmier som Centre for the New Europe, Reason Foundation som gir ut Reason Magazine og ikkje minst, tankesmier som driv med rekruttering og opplæring av studentar og framtidas akademikarar slik som Foundation for Economic Freedom og Institute for Humane Studies. Talet på tankesmier har auka drastisk dei siste 20 til 30 åra, og her kan ein finne både skitt og kanel.

Det er òg her at har snike seg med ein del grupper som har omfamna konservative og nasjonalpopulistiske idéar, men vi får berre håpe at denne fusjonistiske arva snart tar slutt. At både konservative og nyliberale har valt marknadsmekanismar som ein samfunnsteknologi, betyr ikkje at vi har noko anna felles. Nasjonalisme, intoleranse, verdidriven innskrenking i rettar og forskjellsbehandling høyrer ikkje heime i det nyliberale idékollektivet. Det er ein gjeng som trur på eit ope og tolerant samfunn med likebehandling, globalisering og pluralisme.

Det siste er den akademiske delen av det nyliberale idékollektivet. Det er sjølve ryggrada i idékollektivet. Det var her det starta og det er dit ein går tilbake for å forstå, finne inspirasjon og nye løysingar. Opphaveleg var det akademikarar frå den austerrikske skolen, ordoliberalistane og den gamle Chicago-skolen. Nyliberalisme er ikkje noko politisk program, sjølv om alt for mange trur at det er sånn. Nyliberalisme er eit intellektuelt rammeverk for korleis ein skal byggja eit godt samfunn. Idéane som fungerte på 1980-talet er ikkje dei same idéane som kjem til å løyse dagens politiske utfordringar.

Og det kulaste av alt, er at det no sitt fleir enn 30 000 akademikarar rundt omkring i verda, som forskar vidare på idétradisjonane våre, som tar utgangspunkt i forskingsprogrammet til den austerrikske økonomiske skolen. Det skjer mykje nytt på feltet framleis. Vi er ikkje berre ein del av en idétradisjon som var rik og bidrog til utviklinga av samfunnet. Vi er framleis del av ein rik idétradisjon som framleis kjem med viktige bidrag til utviklinga av samfunnet.

Når eg snakkar om rørsla, snakkar eg om heile dette idékollektivet.

Det kritikarane deler

Det dei tre norske kritikarane har til felles er at dei alle meiner at politikk både kan og bør overstyre andre krefter som verkar på samfunnsutviklinga. Nyliberalistar er ueinige med dei i det. Det er lurt å starte kritikken av deira kritikk med å sette ord på denne grunnleggande forskjellen slik at alle er klar over at den ligg i botn. Dette synet deler dei med historikaren Berge Furre, som beskriv avviklinga av etterkrigstidas politiske verktøy som eit syndefall.

Stalsberg og Hippe har arbeida som journalistar, og Innset er historikar. Det er eit viktig skilje fordi det påverkar kva dei kan tillate seg å omfortelje på eit vis som passar betre til poenget dei vil ha fram. Sånn sett er boka til Innset meir fagleg og truverdig i si framstilling av historia til rørsla han forsøker å forstå og plassere inn ein historisk ramme. Boka hans bygger på doktorgradsavhandlinga hans, som har vore gjenstand for ein omfattande fagleg diskusjon blant norske historikarar. Innhaldet i boka har dermed måtte bryne seg meir enn innhaldet i dei to andre bøkene.

Det politiske utgangspunktet til dei tre forfattarane påverkar òg korleis dei nærmar seg stoffet. Hippe har arbeida for bland anna Gerd Liv Valla då ho var leiar i LO. Det plasserer han på venstresida i den sosialdemokratiske rørsla og han skriv i innleiinga til boka at han ynskjer å forstå korfor Arbeiderpartiet tillèt avviklinga av etterkrigstidas politiske verktøy. Og det er her den største svakheita i boka hans ligg, han skildrar den nyliberale rørsla som ein slags verdsomfattande konspirasjon og bruker det som forklaringa på korfor det vart slutt på den sosialdemokratiske gullalderen både i Noreg og i verda. Det er altfor enkelt. Boka hadde vore mykje sterkare om han hadde skrivi ho som eit beint fram dokumentasjonsprosjekt av ein del av den nyliberale rørsla, då hadde ha kanskje nådd målet med framstillinga.

Innset er aktiv i partiet Raudt og rørsla på den radikale venstresida. Stalsberg høyrer ikkje like tydeleg til den radikale venstresida som Innset, men både idéane ho presenterer og kva stader ho opptrer gjer at eg og vil plassere ho der. Boka hennar framstår meir som ei sjølvhjelpsbok for folk som lir av å leve i ei nyliberal verd. Det er både ein kreativ og smart måte å gjere samfunnskritikk på, og den treffer ei målgruppe som trur og ynskjer at politikk skal væra ramma for livet.

Boka Det er nok nå

Stalsberg er utdanna sosiolog, og ho har ei god verktøykasse for å studere og beskrive dei store systema som lagar ramma for samfunnet vi lev i. Det er vanleg å beskrive ulike typar kapitalisme innan historia om kapitalismen som samfunnssystem og ho plasserer heilt rett nyliberalismen inn der som ein type kapitalisme. Og her skal eg koste på meg litt kritikk av dei som identifiserer seg som ein del av fridomsrørsla, for Stalsberg har faktisk større kontroll på fagkunnskapen enn mange eg har treft på i rørsla.

Svakheita i boka til Stalsberg er at ho lenar seg på Naomi Klein si bok Sjokkdoktrinen. I boka påstår Klein at nyliberale løysingar er så upopulære at nyliberalistar innføre løysingane gjennom å skape kriser som gjer at dei kan tvinge dei igjennom politisk. Når krisa kjem kan nyliberalistane sette ned skattane, avregulere marknader og fjerne handelsbarrierar. Dette var boka som populariserte ein historieforteljing som enda opp som venstresidas mal for å kritisere nyliberalismen. Det var også boka som gjorde Milton Friedman til nyliberalismen store busemann, sjølv om ho framstiller han som ein reaksjonær eller konservativ ideolog.

Eg skal ikkje bruke mye plass på å gå igjennom problemet med forståinga hennar, eller alle faktafeila i boka hennar. Johan Norberg har allereie gjort den jobben grundig i 20-sidersnotatet The Klein Doctrine: The Rise of Disaster Polemics. Eg trur ikkje sjølv at han veit kor mange timar og dagar og veker han har brukt på å reise rundt i verden for å snakke om Sjokkdoktrinen og debattere forfattaren.

Der Stalsberg er sterk, er når ho analyserer korleis store samfunnssystem som samtidas versjon av kapitalisme påverkar dei individuelle liva våre. Ho grip tak i konsekvensar som eg trur mange i den nyliberale rørsla òg ser på som problem, men eg er ofte usams i årsaksforklaringane hennar.

Ein del av effektane ho peikar på har rot i andre samfunnssystem. Til dømes tar ho for seg kompiskapitalisme, der store selskap søkjer særrettar frå styresmaktene. Det er ikkje vanskeleg å finne omfattande kritikk og analyse av denne praksisen i nyliberal litteratur, både den akademiske og den populære.

Ein annan kopling ho gjer er nyliberalisme og økologiske katastrofar. Det er ingen tvil om at den kapitalistiske veksten er ein viktig årsak til at forbruk har gått opp historisk, men det kapitalistiske systemet er òg motoren i den omlegginga vi nå står ovanfor. Det er ikkje noko ved naturøydeleggingane som er særskilt for nyliberalistisk kapitalisme. Delar av den nyliberale rørsla fortener kritikk for å ha lokka augo for miljøkostnadane av den økonomiske veksten, men den nyliberale miljørørsla har ei historie som går tilbake til den første halvdelen av det tjuande hundreåret. Alle politiske rørsler som satt ved makt i etterkrigstida har hatt masseforbruk, utrydding av fattigdom og økonomisk vekst som mål, inkludert Arbeidarpartiet. Dette ansvaret må vi faktisk bære saman, for vi har alle ønska det og vi har alle nytt godt av det. Alternativet er å ønske fattigdom og hunger på verdas fattige.

Eg hadde gjerne møtt Stalsberg for å finne felles løysingar på ein del av problema ho trekker fram i boka, men det blir vanskeleg om ho faktisk delar synet til Naomi Klein om nyliberalistar som antidemokratiske mørkemenn med uærlege hensikter.

Boka Korstoget mot velferdsstaten

Ein stor del av venstresida, særskilt Boomer-generasjonen, bærer på ein oppriktig sorg over den tapte arbeidarpartistaten. Det er namnet historikarane har gitt perioden frå slutten av andre verdskrig og fram til rundt 1970 i Noreg. Det var ei tid som var prega av sterk industrivekst og optimisme. Veksten var eit resultat av politisk styrt kreditrasjonering og -rabatt, billig vatnkraft, regionale særskatter og avskrivingsreglar som gagna spesifikke næringar. Det var Arbeiderpartiet sjølv som avvikla desse ordningane på 1970-talet, fordi dei ikkje lenger var effektive styringsverktøy. Men nostalgien for den tida lev vidare, både i Arbeidarpartiet og i resten av den sosialdemokratiske rørsla.

Ivar Hippe er ein del av Boomer-generasjonen og av den sosialdemokratiske rørsla. Han deler Berge Furre sin oppfatning om at avviklinga av arbeiderpartistaten var eit politisk syndefall og at kritikken som kom mot den fine, gamle tida da alt var trygt og politikarane var rettskafne menn som hadde omsorg for alle nordmenn frå vogge til grav må kome frå nokon som vil oss vondt. Ivar Hippe må altså konstruere ein konspirasjon for å komme i mål med forklaringsprosjektet sitt. Han har dessutan lang fartstid frå Sør-Amerika, så korfor ikkje starte med Milton Friedman?

Korstoget mot velferdsstaten er eit ambisiøst prosjekt. Hippe har to ærend. For det første vil han forklare korfor politikarar ikkje nyt same respekt som i gode gamle dagar og for det andre vil han forklare kor kritikken mot det nostalgiske verdsbilete hans kjem frå. For å gjere dette han han forsøkt, og ikkje lykkast, i å finlese Friedman, Friedrich Hayek og James Buchanan, skrive historia til alle delane av den nyliberale rørsla og forklare korleis dette har verka på norsk og utanlandsk politikk gjennom reportasjearbeid. Det heile skal krydrast med nokre saftige røvarhistorier om skandaløse personlegdomar med rare meiningar.

Hadde han hatt ein betre redaktør, hadde han fått beskjed om at dette ikkje er eit prosjekt ein kan kome i mål med i ein og same bok. Han hadde hatt en kioskveltar om han berre hadde gjort reportasjejobben og fortalt historia til Atlas Network, som er den internasjonale paraplyorganisasjonen for nyliberale tankesmier verda over. Han kunne til og med ha fått ei god bok om han hadde gjort ein reportasjejobb og fortalt historia til State Policy Network, som er paraplyorganisasjonen for nyliberale delstatstankesmier. Eit overkomeleg arbeide som hadde hatt eit bredt publikum her heime hadde vært å undersøkje korleis Margaret Thatcher kom i kontakt med nyliberalistisk tankegods via Institute of Economic Affairs, men det ville ikkje ha forklart korleis syndefallet skjedde.

Eg er ikkje nokon generøs lesar av Hippe sitt reportasjearbeid i dei nyliberale organisasjonane. Ein er gjerne ikkje det når ein les reportasjar om saker ein kjenner godt. Han skriv om folk eg har hatt i den utvida kretsen min i snart 20 år. Eg veit kor skandaløse dei likar å framstille seg når dei har eit publikum og eg veit kva perifere folk som blir framstilt som sentrale. Eg er skuffa, for ein meir reieleg framstilling hadde vore like skandaløs her heime. Den amerikanske og britiske samfunnsdebatten ligg så langt frå vår eigen at sjølv reielege framstillingar av kva venstresida tenkjer er skandaløs i ein norsk samanheng. Men vi får ikkje lese så mange av dei, fordi vi allereie er distrahert av kor galen høgresida er. Det var ikkje naudsynt å sette det heile inn i ein kontekst med milliardærfinansierte konspirasjonar mot demokratiet.

Det heile blir ikkje noko betre av at Hippe tilsynelatande ikkje ser ut til å forstå grunnleggande omgrep innanfor økonomien. Vranglesinga hans av forskinga innom Public Choice-forskinga kan kanskje forklarast med at han primært har henta forståinga si frå andrehands kjelder om eg forstår fotnoteapparatet hans riktig.

Public choice-skulen har brukt økonomiske forskingsmetodar for å forstå problemstillingar frå statsvitskapen, så som kven som har røysterett, korleis ein kjem fram til ein politisk konsensus og kva rolle interessegrupper spelar i styringa av staten. Ein av konklusjonane som kom frå forskinga er at både politikarar og byråkratar først og fremst handlar av eigeninteresse.

Hippe er kritisk til konklusjonar som at det er best for demokratiet om politiske avgjerder er einstemmige, sånn at flest mogleg føler at deira interesser er tatt vare på. Han skriv at eit sånt syn gjer at ein innskrenkar politikkens handlingsrom, og konkluderer med at det er udemokratisk å tenke at politikarar ikkje skal tre avgjerder nedover hovuda på folk.

Denne boka er ikkje verdt papiret den er skrive på. Om ein skal komme med effektfull og konstruktiv kritikk, må ein i det minste forstå idéane på faglege premissar og ein kan ikkje utelate informasjon som er viktig for at lesaren skal forstå konteksten riktig. Det er mykje betre litteratur der ute, som gjer innsikt i den nyliberalistiske rørsla og idéane dei fremmar. Og ein av dei kritiske bøkene som gjer det på eit sannferdig vis er den siste boka vi skal ta for oss.

Boka Markedsvendingen

Innset forsøker òg å forklare inntoget til marknadsløysingar i det norske samfunnet sidan 1970-talet. Sjølv om han skriv om nyliberalisme frå eit kritisk synspunkt, har han satt seg godt inn i den nyliberalistiske idetradisjonen og har ei utgreiing av hendelsforløpet som ligg mykje nærare den gjengse norske historieforståinga enn dei to andre bøkene.

Boka byggjer som sagt på doktorgradsarbeidet hans, som tar for seg det første møtet i Mont Pèlerin Society i 1947. Det er den nyliberale organisasjonen som møttest her i Oslo i oktober. Det er vanleg å spore opphavet til nyliberalismen til dette møtet. Her skulle liberale tenkjarar frå Europa og USA møtest og diskutere liberale, marknadsbaserte løysingar som skulle fikse på problema som kom med Laissez-Faire liberalismen. Allereie her såg ein kimen til det skismaet som finnest mellom den amerikanske og europeiske liberalismen på statens rolle i etableringa av marknader.

Doktorgraden til Innset innleiar med å sette scenen for møtet, gjennom ein gjennomgang av kalkulasjonsdebatten, Walter Lippman-kollokviet i Paris i 1938 og dei økonomiske etterdønningane etter andre verdskrig. Resten av oppgåva er ein detaljert analyse av referatet Dorothy Hahn skreiv frå diskusjonane dei neste ti dagane. Doktorgraden vart seinare gitt ut på engelsk som bok, og har ikkje vore godt mottatt i det nyliberalistiske miljøet. Lars Peder Nordbakken i Civita har skrevet eit notat på 20 sider som tar for seg svakheitene i oppgaven. Kuratoren for Hayeks arkiver, Bruce Caldwell, bestemte seg for at Hahn sitt referat måtte offentleggjerast, sånn at folk sjølv kunne lese kva som skjedde på møtet og ikkje berre ha tilgang til det via oppgåva til Innset.

Lars Peder Nordbakken. Foto: CF-Wesenberg / Kolonihaven.no

Markedsvendingen er skrive for eit heilt anna publikum. Boka har undertittelen Nyliberalismens historie i Norge. Ho er delt i tre delar. Den første delen tar for seg perioden frå 1935 til 1967 og tar for seg ting som kalkulasjonsdebatten, Libertas og arbeidarpartistaten. Den andre delen tar for seg omlegginga frå arbeidarpartistaten til eit meir avregulert og marknadsbasert Noreg på 1960- og 70-tallet. Den siste delen ser på utviklinga frå slutten på den kalde krigen i 1990 til finanskrisen i 2007

Eg synest Innset er litt urettferdig innimellom. Det må eg innrømme. Ved fleire anledningar passar han på å dytte inn kommentarar om koplingar til nazisme, for så motseie seg sjølv i neste setning. To dømer på dette er der han knyt folk frå den ordoliberalistiske skolen til naziregimet, og der han forklarar at sonderingsmøtet Trygve Hoff arrangerte i 1946 vart haldt på hotellet Wehrmacht hadde brukt som hovudkvart under krigen. Eit anna døme på at han er litt urettferdig er den anakronistiske kritikken av at det berre var menn frå borgarskapet som deltek på Mont Pèlerin-møtet er i same kategori. Det var sånne folk som arbeida i akademia og sentraladministrasjonane i Europa og USA på den tida.

Dette er sånne småting som er irriterande. Den viktigaste kritikken mot boka har utspring i Innset si forståing av ei verd der ideologi og politikk er styrande for alt anna. Det gjer at han legg alt for mykje vekt på både Mont Pelerin Society og den nyliberale rørsla i si forklaring på korleis vi enda opp med marknadsvendinga frå 1970-talet og utover. Det gjer at han overser andre viktige påverkingsfaktorar, både personar, organisasjonar og idéar. Dette er kritikk av boka han ikkje har svart godt på.

Frå min eige ståstad synest eg boka sitt svakaste punkt er at Innsett ikkje trekk opp grensa til gjeldande idéar i hovudstraumsøkonomi. Det er no eingong slik at økonomifaget står i eit spenn mellom økonomisk teori, styring og åtferda til menneska i samfunnet. Den austerrikske skolen er eit av mange forskingsprogram ein finn innafor økonomifaget, og kunnskapen frå det forskingsprogrammet har i mange tilfelle vorte bærande idéar i økonomifaget. Om alt berre er ideologi, så kan ein ikkje forklare kva del av marknadsrettinga av det norske samfunnet som er eit resultat av at idéane til forskarane frå den austerrikske forskingstradisjonen som har vorte bærande i økonomifaget og som har kome til den norske forvaltninga gjennom økonomar som berre brukar fagkunnskapen sin. Å forklare marknadsvenda utan å ta med denne delen av forklaringa er å utelate det som sannsynlegvis er den viktigaste forklaringa.

Akkurat denne kritikken er ein veikskap med alle dei tre bøkene, men han rammar Innset hardast sidan han har skrive ei fagbok i historie som skal forklare eit viktig idéskifte i norsk samfunnsliv.

På tross av desse svakhetane vil eg tilrå denne boka. Det er både fordi ein får ei betre forståing av kritikken mot rørsla og tankegodset og fordi ein kan lære seg noko om korleis marknadsløysingar vart ein bærande idé i det norske samfunnet. Mykje av den andre litteraturen om temaet er spreitt i som avsnitt, artiklar og notat her og der, og er vanskeleg å få oversyn over. Med atterhalda eg har nemnt ovanfor kan lesarar som kan ein del om historia og idéane til den nyliberale rørsla læra seg nye ting om historia til nyliberalistiske idéar i Noreg.

Lær av kritikarane!

illustrasjon
Hvordan skaper liberalister en framtid for individualisme, selvrealisering, frihet, felleskap og styrke i Norge i det 21. århundre?.

Vi både kan og bør lære av kritikarane våre. Det er derfor eg har tatt meg tid til å lese igjennom desse bøkene. Eg har og sett ei rekke paneldebattar og bokforedrag som ligg ute på Internett. Mange synes det gjer godt for sjela å sitte å sjå på YouTube-videoar som forer oss med dopamin. Det gjer så godt for stadfestingstendensen vår, men ein lærar lite nytt på den måten. Forsøka på å framstille nyliberalismen som antidemokratisk er ikkje rettferdige. Stalsberg brukar ofte nyliberalisme og kritikk mot New Public Management som omgrep som kan bytast ut med kvarandre. Det er retorisk latskap.

Begge tar tak i ubehaget med den kulturen vi lever i no. Det er ein nyliberalistisk kultur. Vi som har kjempa for at vi skal ha eit samfunn der vi bruker marknaden som fordelingsmekanisme i dei situasjonane der marknader er den best egna løysinga veit at det ikkje betyr  at dagens utforming av samfunnet er den einaste moglege, eller den beste.

Stalsberg og Innset kritiserer verdssynet vårt, og det har vi berre godt av. Kanskje kan det å gå inn i ein dialog med dei om deira forståing av våre idéar føre til at vi finne opningar for å starte ein gjensidig diskusjon om dei tinga ved samfunnet vårt som både den liberale høgresida og venstresida har lyst til å endre på, for vi har jo ein del slike idéar til felles.

Eg har lært mykje om mitt eige verdsbilete gjennom å sjå på det gjennom brillene til dei eg er usamd med. Prøv du òg, sjølv om du berre startar med ein video på internett. Om ein kjenner til eiga idéverd og korleis den har verka på samfunnet vi lever i nå, samstundes som ein kjenner til gjennomtenkt kritikk som den Stalsberg og Innset kjem med, kan vi faktisk finne ein betre og meir samlande versjon av det liberale demokratiet. Det er noko som gagnar alle i samfunnet.

Mest lest

Arrangementer