Kommentar

Personleg ansvar er nykelen til smittevern

Her sitt eg, i heimen min i Strømstad kommune. To mil frå byen. Eg har vore her sidan laurdag. Målet var å få litt tid med meg sjølv og det eg strir med om dagen. Det blir eit kort besøk. Eg må snart reise heim at så eg kan sitte ti dagar i karantene før den årlege middagen med studentforeninga mi. Årleg møtas studentpolitikare fordelt over fem tiår til triveleg lag for å minnes gamle dagar og skryte av ungdommen. Det er verdt å avkorte Sverige-turen for, sjølv om eg gjerne skulle ha blitt nokre dagar til. Eg har ganske mykje å stri med om dagen.

Eg har også heimekontoret mitt her, og arbeidsbiblioteket. Sjefen min ville helst at vi skulle være her når landet stengde i mars. Eg har finare arbeidshøve her, enn kva eg har på det stengde kontoret. Det blei ikkje slik. Dagen før karantenereglane trådde i kraft, pakka vi pult, arbeidsstol, nødvendig datautstyr og anna vi behøvde for å sitte oppå kvarandre i det vesle husværet vi har i Oslo. Det var slik min manns arbeidsgjevar ville ha det.

Sidan den tida har eg venta på at karantenereglene for Sverige skal opphevast. Vi har lagt till oss ei vane med å køyre ned på laurdag morgon, arbeide på kjøkkenet vi bygger om nokre timar og så køyre heim til Oslo igjen. Det har vore lov utan karantene helt sedan mars. Det begynner ærleg talt å bli vanskeleg å forstå kvifor vi ikkje får overnatte i vår eiga seng, på vår eiga tomt, langt ute på landsbygda. Vi er utsett for mange fleire potensielt farlege smittesituasjonar i Oslo. Allereie i juni tilrådde Folkehelseinstituttet at regjeringa skulle la folk få bo på egen fast eigedom i Sverige utan å måtte i karantene. Dei ble ikkje høyrde.

Det er ikkje mange folk å sjå, sjølv om det er ein strålande septembersøndag ved Fløghult-vatnet. Fleirtalet av huseigarane på den vesle plassen Fløghult i Strømstad kommune er nordmenn. Foto: Lene Johansen.

Førre veke kom både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet med same tilråding på ny. Heller ikkje denne gongen har regjeringa lytta. Eg blir både sint og lei av dette. Den vesle overgrodde enga inne i Strømstad-skogane er viktig for mi mentale helse. Det er hit eg reis når eg skal finne ro og senke skuldrane. Eg lurer på kvifor regjeringa ikkje lyttar på faginstansane sine?

Da koronaviruset kom til Norge, gav det norske folket tillit og handlingsrom til regjeringa. Vi aksepterte store innskrenkingar i handlefridomen. Det var for å gi styresmaktene tid til å bygge opp kapasitet, kunnskap og gode vaner som skulle ivareta folkehelsa og smittevernet. Vi kommer til å måtte leve med dette viruset i fleire år framover. Førre veka sa helseministeren at det tar minst eit år før vi kan sleppe på smitteverntiltaka.

Skal vi lukkast med det felles prosjektet med å holda oss friske, må vi gå bort frå tvangstiltaka. Vi kan ikkje ha tvangstiltak gåande i fleire år. Det vil slite for mykje på tillitsbanda i samfunnet vårt. Det neste store koronaløftet er folkeopplysing. Alle bør bli utsett for informasjon om kva framferd som sikrar smittevernet, kva regler som gjeld og kvifor. Tvangstiltaka gjer at folk sluttar å lyde.

Det har allereie skjedd. Folkehelseinstituttet melde at fleirtalet bryt karantenereglene. Det er farleg for oss alle saman. Eg er ikkje en av dei. Eg har oppdaga at eg har blitt ein sånn som fylgjer reglene. Frå mi radikale ungdomstid, trudde eg at eg var ein slik som ikkje fylde regler utan mening. Sånn er eg altså ikkje lenger. Vi tok Sverige-ferie med karantene i juli, og no gjer eg meg klar for ein ny runde. Sjølv om altså regeringens faginstansar tenkjer at ikkje bidrar til smittevernet. Eg håpar dei tar til vettet snart og bygjer vidare tiltak på informasjon og tillit, ikkje tvang.

Mest lest

Arrangementer