Kommentar

Attende til framtida med Støre-regjeringa

Eg såg fram til ei ny regjering denne hausten. Ikkje fordi det er noko gale med Erna Solberg. Ho arbeider hardt og har evne til å formidle både glede og alvor i når det var påkravd. Ho var ein framifrå statsminister. Eg høyrer med blant dei veljarane som gjerne skulle ha sett ho i statsministerrolla framover. Samtidig fekk eg inntrykk av at regjeringa hennar var styringstrøytte. Ministrane hennar spela heile tida forsvar, og var ikkje lenger i angrep. Det var på tide med eit nytt mannskap. Sida det no var på tide med ein byte, var det flott å sjå pågangsmotet og sjølvtilliten til Jonas Gahr Støre dagen etter valet. Ein kunne tillatne seg å håpe at den nye regjeringa kunne ta tak i nokon av problema som har vorte uløyste under den blågrøne regjeringa.

Regjeringen Støre kommer ut på Slottsplassen 14. oktober 2021. Foto: Peter Mydske/Stortinget CC.BY.NC.SA.
Regjeringen Støre kommer ut på Slottsplassen 14. oktober 2021. Foto: Peter Mydske/Stortinget CC.BY.NC.SA.

Det var ikkje eit enkelt regjeringsprosjekt han hadde valt seg. SV, venstresida av AP, LO og den norske partifloraen kunne med rette slå seg på brystet og si at veljarane ynskja endringar på deira hjartesaker. Samstundes hadde SP nytta heile valkampen til å fri til høgreveljarar som ynskja endring, men som ikkje ynskja seg venstresidepolitikk. Det tok heller ikkje lang tid før Støres regjeringsprosjekt vart sterkt svekka. Etter berre fem dagar med sonderingar i Hurdal, gjekk SV ut av prosjektet. SV-leiaren Audun Lysbakken sa at partiet ikkje såg nokon forhandlingsvilje på dei sakene som var viktige for dei. Lufta gjekk ut av prosjektet med SV.

Både høgresida og miljørørsla var skuffa. Kommentatorane og einskilde folk på høgresida snøfta over at folk på høgresida kunne vêrar triste over at SV hadde gått ut av eit regjeringsprosjekt som var leia av AP. Det ville ikkje kome noko godt ut av eit slikt prosjekt same kva. Andre peikte på at SV ville kome med dei gale miljøtiltaka. Venstresida var ikkje nøgd heller. Dei frykta, med rette kan det sjå ut som, at SP ville dra AP mot sentrum. Det er fyrst no, denne veka, at det slo meg kva Støres regjeringsprosjekt mist, då dei mista SV. Det var framtida og framtidsoptimismen.

Regjeringsplattforma som Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum la fram på onsdag skodar bakover og har låge ambisjonar. Dei nyttar mykje politisk og økonomisk kapital på å gjere om på politiske avgjerda som allereie er innført. Dei vil gjenopne ein avdeling på ein høgskule som var så dårleg at høgskulen sjølv la han ned. Dei vil senke kompetansekravet til lærarstudentar og få tilbake lærarar som ikkje gadd å ta vidareutdanning på eiga fag. Fylker som ynskjer det, kan gjere om samanslåinga. EØS-avtalen er i fare. Ei meir brukarvenleg drosjenæring hamnar på skraphaugen. Mykje er berre symbolske forslag, slik som kutt i offentleg bruk av PR-byråar. Dei verkeleg store prosjekta skal greiast ut. Dei store prosjekta borde ha vore meir gryteklare. Dei vanskelege sakane, som abort, skal òg greiast ut. Det tristaste av alt er at dei to regjeringskameratane har gløymd dei fattigaste av dei fattigaste i kampen mot ulikheitar. Dei fattigaste bur i byen og pengane skal brukast for å oppretthalde dyre tenester i dei grisnaste av grendene.

Det kan sjå ut til at vi skal attende til framtida med Støre-regjeringa.

Mest lest

Arrangementer