Kommentar

Eit lite land i verda

Folkerettseksperten Cecilie Hellestveit er ute med boka Dårlig nytt frå Østfronten. Boka vart lansert på måndag denne veka. Med seg på scena, hadde ho stortingsrepresentant Hårek Elvenes som sitt i utanriks- og forsvarskomiteen for Høgre og Iver Neumann frå Norsk utanrikspolitisk Institutt.

Hellestveit legg vekt på at ho har skrivi ei bok om krigen i Ukraina, og ikkje ei bok om Ukraina. Som ein ventar frå Hellestveit, får vi ein klarsynt analyse av den globale sikkerheitspolitiske situasjonen som vi er i no, og korleis den verkar på oss her i Noreg. Korkje ønsketenking eller normative tankar får plass.

Boka startar med å legge ut 22 tesar om korleis verda ser ut etter 24. februar. Resten av boka er delt i tre, krig, rivaler og vårt lille land. Kapitla tar for seg ein og ein tese, gjer utfyllande analyse og bakgrunnsstoff. Boka sluttar med epilogen, hva gjør vi nå da, dere?

Civita og Spartacus Forlag var vertskap for samtalen om Cecilie Hellestveits nye bok Dårlig nytt fra Østfronten. Iver Neumann og Hårek Elvenes deltok i panelet og Eirik Løkke var ordstyrer. Foto: Lene Johansen.
Civita og Spartacus Forlag var vertskap for samtalen om Cecilie Hellestveits nye bok Dårlig nytt fra Østfronten. Iver Neumann og Hårek Elvenes deltok i panelet og Eirik Løkke var ordstyrer. Foto: Lene Johansen.

Ein av problemstillingane som Hellestveit tar for seg er korleis Europas rolle og situasjon endrar seg i møte med russaranes aggresjonskrig og rivalane USA og Kina. Etterkrigstida er over og korleis den nye internasjonale situasjonen ser ut veit vi ikkje enno. Norge er berre et lite land i verda, eller som Elvenes presiserte, eit lite land i ei farleg verd.

Målet med boka er å få i gang ein diskusjon om kva stilling Noreg skal ta i den urolege internasjonale ordninga som begynner å ta form. Hellestveit er ikkje så oppteken av kva konklusjon vi kjem til under denne debatten. Det er sjølve debatten som er viktig, fordi det kan gjere oss mindre sårbare.

Neumann gav ho ros for teikne opp historia og konfliktlinjene med tydelege og klare strekar. Samstundes mente han at vi måtte førebu oss på ein frossen konflikt som kan vare i årevis, for russarane kjem ikkje til å få det dei vil og ukrainarane er rasande.

Elvenes var òg oppteken av Europas rolle framover. Han tok fram korleis EU og Europa samla seg bak Ukraina, men åtvara òg om at dette samhaldet kjem til å bli testa hardt over dei neste to åra. Russland har lenge vore pressa mellom USA, Kina og Europa, og dei har tapt mykje i sitt forsøk på å etablere seg som ein supermakt. Nå står dei så svekka tilbake at dei har starta å miste evna til å halde orden i sin eigen bakgard og står igjen som ein regional makt, og dei er framleis naboen vår. Vi må samarbeide med dei på enkelte arenaer, spesielt i nordområda, men vi må òg sette tydelege grenser.

Boka gjer eit godt grunnlag for å få oversyn over kva spørsmål Noreg som samfunn må diskutera seg igjennom for å finne sin ståstad i den nye internasjonale ordenen som er i ferd med å teikne seg ut. Sånn sett er den eit solid stykke handverk frå Hellestveit.

Mest lest

Arrangementer