Kommentar

Liberalistane avlyser Holocaust-fornektar

Liberalistane skal halde sin ”Fridomskonferanse 2023” i juni. Dei har satt av tid til fem foredragshaldarar, men berre to var avklart då dei utlyste hendinga på Facebook. Det var sløseriombudsmannen Are Søberg og lækjaren Halvor Næss som har vore kritisk til styresmaktene si handsaming av pandemien. Torsdag kveld reklamerte Liberalistane for ein tredje foredragshaldar, Hans Eirik Olav, som kommenterar økonomi for den tidlegare SV-avisa Ny Tid. Kulturtidsskriftet har dei seinare åra hamna i fleire konfliktar for å fremje konspirasjonsteoriar og antisemittisme. Han vart invitert for å snakke om hans eiga økonomiske konspirasjonsteori.

Skjermdump frå Facebooksida til Liberalistane.

Kven er Hans Eirik Olav?

Ein ting er at miljøet rundt Ny Tid har ei historie med antisemittisme, men Hans Eirik Olav har fornekta at Holocaust skjedde. I tillegg har ein rettskraftig dom om økonomisk utruskap, å eige våpen ulovleg og skatteunndraging. Dei siste åra har han slått seg opp som ein kryptobror og ein som fremjar ein litt diffus konspirasjonsteori om korleis sentralbankar, bankane og staten er ein despot i liva våre.

Her er eit døme på at Olav blandar saman kryptovaluta og finanskonspirasjonar.

Olav har òg sjølvpublisert to bøker. Den eine er eit kampskrift mot den framtidige kollapsen av samfunnet, som er inspirert av korleis ”regjeringas overbudspolitikk so gjer oss alle til gjeldsslavar”. Den andre boka er ei bok om at dei som kontrollerar pengane, kontrollerar verda. Eller som han sjølv skriv ” økonomi, finans, geopolitikk, kunstig intelligens og veien fra det biologiske til det syntetiske menneske – alt i et historisk perspektiv”.

Han har også vore på runden på populistiske, ”alternative” medier, både til høgre og til venstre. Dei inkluderar Podkasten utan namn og Inyhende. Inyhende er den nye kanalen til Helge Lurås frå det som tidlegare var Resett, som vi har skrive om tidlegare, ved fleire høve. Eg vonar at Liberaleren sine lesarar har nokre idear om kva Resett og Inyhende er for noko.

For dei som ikkje kjenner til Podkasten utan namn, har dei invitert Hans Olav Brendberg til å snakke om ”den jødiske lobbyen”. Brendberg har vorte ekskludert frå Raudt for antisemittisme. Men Podcasten utan namn har mange vitjingar frå den antisemittiske venstresida. I tillegg har dei òg vorte vitja av folk som forsvarar Putins krig mot Ukrainia, som Glenn Diesen og Bjørn Nistad.

Olav har òg kome med kritikk av sanksjonane mot russiske oligarkar, med argument om korleis det er ein konspirasjon som den vestlege liberale ordenen (òg kjent som vestlege kapitalistiske demokrati) no gjer mot Russland for å svekke dei i krigen mot Ukraina. Eg treng ikkje å minne lesarane på at ein resolusjon om å stanse våpenstøtte til Ukraina var oppe til votering på Liberalistanes landsmøte i mars. Eller må eg?

Men eg skal slutte å sverte Olav med kven han reiser i lag med. Om eg skal døme frå hans eiga blog ”Rebell Yell Publishing” er han ein Billy Idol-fan, utan at eg skal halde det mot Billy Idol. På bloggen finn du ”røynda om Covid-19”, ”røynda” om korleis Økokrim ”ikkje har forstått ’redningsaksjonen’ Olav gjennomførte for å spare Thule Drilling.

Ny Tid presenterar Olav som nokon med ” lang fartstid fra finansverden bak seg”, og det er kanskje rett, sjølv om han resultatet er ein rettskraftig dom om økonomisk utruskap og skatteunndraging, ei rekke podkastar der alle soger om dei despotiske sentralbankane startar med krigen om Waterloo, og korleis den jødiske finansfamilien Rotschild visstnok skal ha spekulert på krigen.

For deg som ikkje har nytta mykje tid på jødehat og konspirasjonsteoriar knytt til jødar, så er Rotschild kodeord for den internasjonale jødelobbyen, finanseliten etc. Sjølv om Rotschild-myta er frå moderne tid, så er det ein av mange antisemittiske stereotypar om jødar som går heilt tilbake til mellomalderen. Eg kan tilrå Torkel Brekke sin nye bok om antisemittisme på venstresida, Ingen er uskyldig, om du ønskjer å lese meir om temaet.

Dagsavisen si side Nye meiningar er ein stad ein kan få publisert lesarinnlegg som ikkje er redaktørstyrt. Dei fjernar upassande innlegg i etterkant, slik dei gjorde med innlegget Olav har kommentert på, som hadde overskrifta ”Antirasistisk senter med karakterdrap og konstruert antisemittisme”.

Finanskritikkhesteskoen

Ein av akilleshælane til det norske liberalistmiljøet er trua på gullstandarden og ein objektivistisk tilnærming til pengepolitiske teoriar. Eg har stor tiltru til dei pengepolitiske teoriane til økonomar frå den austerrikske skulen, som til dømes Hayek og Mises. Samstundes må deira teoriar oppdateras med korleis verdas finanspolitikk har endra seg sidan det tjuande hundreåret. Om ein trur at gullstandard og kryptovalutaer skal løyse dei pengepolitiske problema i 2023, er ein ute å syklar. Dogmatisme er ikkje god pengepolitikk.

Styret i Liberalistane har i kveld kome med ei fråsegn om at dei ynskja å invitere Olav til å snakke om økonomi og pengepolitikk. Dei var ikkje klar over at Olav var ein Holocaust-fornektar. Eg har ikkje noko problem med å tru dei på det. Sidan folk starta å melde om bakgrunnen hans etter dei annonserte han som ein innleiar torsdag kveld, har kommentarane stort sett vært at dette ei grense folk ikkje ønskjer at partiet skal krysse.

Og her vi ved kjernen av teorien om den politiske hesteskoen. Teorien seier at om du går langt nok ut på den politiske fløya, møtes høgresida og venstresida på dei same synspunkta. Folk i liberalistmiljøet liker kryptopengar, mange har sterke meiningar om pengepolitikk, fleire av oss forstår at vi lever i ei verd der finansnæringa har fått uforholdsmessig mykje makt, men det betyr ikkje at vi skal være medreisande med alle andre i verda som gjer uttrykk for liknande meiningar.

Liberalistane har fått fortent kritikk for at dei ikkje har gjort eit Google-søk på Olav. Om dei ikkje fekk treff på Hans Eirik Olav som dei forsto, borde dei òg ha søkt på Ny Tid. Konspirasjonskonflikten som gjorde at Klassekampen avslutta distribusjonsavtalen med dei står i innleiinga på Wikipedia.

Liberalistane har fått kritikk her i Liberalaren for å ha omfamna konservativ kulturpolitiske tema, populisme og personkonfliktar som ikkje er naudsynte. Dei har tidlegare spela inn i den politiske hesteskoen på pandemi. Dei viser lav forståing for at minoritetar som har vorte utsett for grove overgrep frå det norske majoritetssamfunnet skal ha forsterka representasjon etter tiår med majoritetsovergrep.

Sjefsredaktøren i Liberaleren, Bent Johan Mosfjell har tidlegare skildra problemet slik: ” Når man starter et nytt parti, så vil man først tiltrekke seg dem som ikke har noe å tape, ikke har noen politiske kontakter og de som er helt utenfor det etablerte. I FrP på 70-tallet sammenligner man med fjøslykten som tiltrakk litt av hvert. Liberalistene hadde meme-lykten i sosiale medier som tiltrakk litt av hvert. De færreste liberalister er veldig anti-mainstream. En mye større del av Liberalistenes medlemmer og velgere er i den kategorien. Dette har en del konsekvenser.”

Sentralstyret til Liberalistane har møte denne helga. Etter Liberalaren sa at vi vil skrive om problemet har dei samla seg om å trekke tilbake invitasjonen til Olav. Dei seier:

”Hans uttalelser, som først ble fremlagt partiet denne helgen, var for oss helt ukjente …

Det som har kommet frem er uforenelig med Liberalistenes verdier, og styret velger derfor å avlyse det aktuelle foredraget på Frihetskonferansen.”

Det står respekt av retretten, men dette er ikkje første gongen partiet havnar i feil selskap. Dei har ikkje råd til å rote seg bort i ekstremisme, konspirasjonsteoriar og ufin sosial kultur. Partiet har allereie mista ein rekke sentrale støttespelarar på at dei ikkje tar tak i desse problema.

Kanselleringskultur, sure!

Og før rukla no freistar å tenne bål i kommentarfeltet om at Liberaleren er for woke og driver med kanselleringskultur. Svaret er at Holocaust-fornektarar i første omgong ikkje skulle ha vorte invitert til en liberal talarstol. Om du meinar at du er liberal, og samstundes meinar at en Holocaust-fornektar som har som hovudbodskap at det finns ein internasjonal konspirasjon mellom elitar i finans og politikk som vil gjere oss alle til slavar med utgangspunkt i jødehat frå tidleg i det nittande hundreåret har rett til å spreie hat og tankefeil til eit liberalt publikum i 2023, må du gå i deg sjølv. Dette er ikkje kansellering. Det er ytringsfridom.

Olav har ytringsfridom. Men han har ikkje ein rett til at liberalarar skal bli tvunge til å lytte på det han har å si. Og Liberalistane har forsamlingsfridom. Det gjer dei retten til å si kven som ikkje får være med i deira private fellesskap. I laurdag kveld sa Liberalistane tydeleg at Holocaust-fornekting er noko dei ikkje tolerer. Det er eit godt skritt på vegen til å rydde opp i kulturproblema partiet har slitt med dei siste par åra.

Holocaust er det verste eksempelet på kva eit majoritetsstyre kan gjere for å utrydde minoritetar. Å sikre minoritetars retter i møte med ein majoritet er eit kjerneprinsipp i liberalismen. Det er ein del av den redaksjonelle plattforma til Liberaleren.

Mest lest

Arrangementer