Magasin

Korleis førebu seg på ein venta ressursmangel

Økonomar får ofte kritikk for å sjå på mennesket som tal, komponentar i ein produksjonsprosess eller forbrukarar. Ein slik reduksjonisme er naudsynt for å synleggjere det teoretiske rammeverket, men ein kan òg snu det på hovudet slik økonomen Julian Simon gjorde. Han såg på menneska som den gjævaste ressursen i verda.

I boka The Ultimate Resource frå 1981 peikar han på korleis menneska finner nye og meir effektive løysingar i møte med knappleik. Det er altså menneskeleg kløkt som er den gjævaste ressursen på jorda, fordi vi klarer å skape overflod av andre ressursar. Økonomar kallar desse kløktige menneska for gründerar. I denne teksten vil eg skrive om menneska som ein naturressurs i menneska sin eige næringskjede, så får vi ta debatten om overforbruk og globale ressursar ein anna gong.

Det blir færre menneskjer på jorda

Menneskearten oppstod på det afrikanske subkontinentet for 300 000 år sidan. Rundt år 70 000 fvt fekk vi den kognitive revolusjonen og hadde spreitt seg til heile verda då landbruksrevolusjonen kom rundt 12 000 fvt. Arten nådde ein populasjon på 1 milliard rundt starten på den industrielle revolusjonen for rundt 200 år sidan. Sidan då har arten eksplodert til 8 milliardar, og det er forventa at dei skal nå ein topp på rundt 10 milliardar individ rundt 2080, før populasjonen gradvis søkk til -0,1 prosent i 2100. Vi kjem til å bli færre menneskjer på jorda, og endringa skjer fort. Veksten i populasjonen er allereie på -0,9 prosent i dag.

Grafen viser hvor stor befolkningsutviklingen har vært de siste 200 årene
Befolkningsutvikling på jorden fra år 10 000 fvt og frem til år 2100. Jordens befolkning var rundt 4,5 millioner i år 10 000 fvt og når den første milliarden i 1805. I løpet av de neste 200 årene eksploderer befolkningsveksten til 8 milliarder. Kilde: OurWorldInData.org basert på HYDE (2017); Gapminder (2022); UN (2022).

Det har òg skjedd ein radikal endring i den fordelinga på alder internt i menneskepopulasjonen. I 2005 traff dei det som kallast for Peak Child. Sidan den gongen har det ikkje vore ein auking i talet på barn som blir født, men folk lever lenger. Den aukinga vi ser i populasjonen fram til 2100 kjem primært av at folk ikkje døyr.

Grafen viser ulike scenarioer for befolkningsutvikling i verden
Grafen viser sannsynlige utviklingscenarioer for verdens befolkning frem til 2100. Tallene baserer seg på forventet fruktbarhet og forventet levealder. Kilde: FN, DESA, Population Division.

For å si det på ein annan måte så er det i dag 2,6 vaksne mellom 15 og 64 år for kvart barn som er under 15 år gamalt. Det same talet i 1950 var 1,7 vaksne for kvart barn, og i 2100 vil det være 3,6 vaksne per barn. Merk då at vi ikkje har tatt med vaksne som er 65 år eller eldre. Dei er mange og dei lever lenger. Dei store barnekulla som prega det 20. hundreåret må altså aldrast og døy, før ein kan sjå ein reell nedgang i talet på menneskjer på jorda. Samstundes er det ikkje nok barn som blir født til å erstatte alle menneska som døyr.

portrett av en skallet mann
Den amerikanske økonomen Julian Simon (1932 -1998). Foto: Ukjent.

Faktum er at vi blir færre menneskjer. Eller for å ta på oss brillene til Julian Simon igjen, det blir mindre menneskeleg kløkt på jorda. Det blir færre gründerar som kan finne ny og spennande løysingar på knappleiksproblema. Eller om ein skal sette det inn i ein mjukare ramme, det blir færre varme hender i verda. I mange land kan ein allereie kjenne på verknaden av denne nedgangen. Norge er eit av dei landa.

Kodeord: Mangel på arbeidskraft

Eg kan kaste ei rekke tal på deg for å vise deg korleis denne utviklinga påverkar det norske samfunnet, men i staden for å gjære det vil eg berre be deg om legge merke til kor ofte ein høyrer og les om mangel på arbeidskraft i helsevesenet, detaljhandel, restaurantnæringen, skolen og i handverksfaga i media. Det siste året har det vore slike saker i nyhende kvar einaste dag.

Vi er for få menneske og det påverkar allereie samfunnet vårt, men eg høyrer få forslag til løysingar som ikkje handlar om å lokke fleire til den eine næringa eller den andre. Arbeidarpartiet har til og med gått så langt som å vedta at dei skulle tvinge helsepersonale til å arbeide i offentleg sektor gjennom å stoppe etablering av private helsetilbod.

Konkurranse om løn, betre arbeidsvilkår eller tvangsbruk gjer ikkje at vi blir fleire. Over tid vil mangel på arbeidskraft omsettast til mangel på folk som kan betale inn til pensjonsordninga og andre velferdstenester, samanlikna med kor mange over 65 som skal leve av inntekt frå desse ordningane. I dag er dei over 18 prosent av den norske befolkninga, samanlikna med nesten 10 prosent i 1950.

Aldersfordeling i Norge i årene 1950, 2023 og 2100. Vi ser at det blir smalere nederst etterhvert som fødselstallene går ned, og pyramiden blir tyngre og tyngre på toppen siden folk lever lenger. Kilde: PopulationPyramid.net.
Aldersfordeling i Norge i årene 1950, 2023 og 2100. Vi ser at det blir smalere nederst etterhvert som fødselstallene går ned, og pyramiden blir tyngre og tyngre på toppen siden folk lever lenger. Kilde: PopulationPyramid.net.

Fordømt plikt å førebu seg

Utviklinga er ikkje nyhende. Det er ein del av de demografiske megatrendane vi har sett i mange år. Folk kjem seg ut av fattigdom, får seg utdanning, får færre barn og flyttar til byane. Senterpartiet har ikkje sett ein megatrend dei ikkje vil snu. Barne- og familieminister Kjersti Toppe har lansert ei pakke med tiltak som skal få fødselsraten i Noreg tilbake på nivået som var den gongen eg vart født. Men det er ikkje svaret, korkje for Noreg eller for verda. Vi må faktisk ta inn over oss at nedgangen kjem, ja, han er her allereie. Vi må gjere naudsynte grep for å førebu oss, i staden for å late som at vi kan kaste pengar på han for å få han til snu.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe. Foto: Astrid Waller.

Menneska har snakka om kor farleg befolkningsveksten er, heilt sidan Malthus sin tid. På 1970-talet, som Toppe vi attende til, var ALLE bekymra for befolkningsveksten. Ein av Julian Simon sine kritikarar, dommedagsprofeten Paul Erlich publiserte boka The Population Bomb, som spreidde frykta vidare. No må vi ta innover oss at den tida er over, med mindre det skjer noko katastrofalt som gjer at folk igjen blir fattigare og får fleire barn igjen.

Bygge framtida saman

I staden for å konkurrere om å overbyda kvarandre for den arbeidskrafta som finast, må vi legge til rette for meir automatisering og digitalisering. Vi må sjå på korleis forbruksmønstera endrar seg, og legge til rette for lukka produktlivssyklusar som gjer at vi gjenbrukar ressursar. Vi må sjå kva infrastruktur som må gjerest klar til å byggjast ned igjen i dei neste tiåra. Vi bør legge til rette for lovleg migrasjon for de delane av verda kor det framleis vil være vekst i befolkninga i nokon tid framover. Vi må for all del hegne om dei samfunnsstrukturane som gjer at vi held fram med å løfte folk ut av fattigdom. Kort sagt, vi må bygge eit samfunn som gjer det mogleg å for alle å bidra med sitt eige kløkt.

Vi kan ikkje gjere som Toppe, og freiste på å reise baklengs inn i framtida. Vi kan ikkje avle oss ut av nedgangstrenden, sjølv om Toppe stadig ser til fjøset for å forstå samfunnsutviklinga og finne løysingar.

Mest lest

Arrangementer