Magasin

Menneskerettsbrot: Jødiske fangar svelt i norske fengsel

I 2021 vart to jødiske fangar overført til Noreg for domfelling og soning av ei bedrageridom. Norske styresmakter forsikra at dei skulle få sikra sine religiøse rettar i norsk fengsel. Etter to år i Noreg er det openbert at Kriminalomsorgen bryter menneskerettane til desse to fangane. Dei får ikkje tilgang til kosher mat og kokekar, og svelt i norsk fengsel.

Svelt er ikkje ein del av det norske strafferegimet

I juni vart ein av dem, Felix Attia, intervjua i Vårt Land (abo). Han skildra korleis han berre kunne ete frukt den første veka i Noreg. Dei neste seks månadene åt han knekkebrød, tunfisk på boks og frukt. I praksis svolt han.  På eit tidspunkt tok ein muslimsk fange miskunn med han, og gøymde unna eit kashra kokekar som han regelmessig kokte egg i og smugla ut av kjøkkenet for å gje til den jødiske fangen. Attia sona då i Stavanger og Kongsvinger.

Då Vårt Land vitja han, sona han på Bastøy, der han kunne koke maten sin sjølv. Den lokale Joker-butikken hadde tatt inn fleire kosher varer til han. Det var ein løysing som fungerte, men det var ikkje Kriminalomsorgen som hadde lagt til rette for dette. Førre veke vart han flytta til Ringerike og no han er tilbake der han var for to år sidan (abo). Han sveltar fordi han berre kan ete banan, nugatti, nøtter og tunfisk. Det er det han får tilgang til som er kosher-merka, og det er ikkje eit fullverdig kosthald.

Minister Vilikkje

Samarbeidsrådet for tros- og livvsyn (STL) har freista på å finne ei løysing. Dei har blant anna foreslått at Attia skal få kosher mat fra det jødiske sykehjemmet i Oslo. Det borde vere ein rimeleg løysing, både økonomisk og med tanke på tryggleiken i fengselet. Familiane deira har til og med sagt seg villige til å betale for maten, men sånne forskjellar skal ein ikkje ha i norsk fengsel seier Kriminalomsorgen. Då er det betre at dei sveltar. Ingrid Rosendorf Joys frå STL skriv at Kriminalomsorgen framstår som “direkte løysingsfiendtlege”.

En ung blond kvinne i en svart kjole med stor hvit blondekrave
Justisminister Emilie Enger Mehl kanaliserer den amerikanske høyesterettsdommeren Ruth Bader Ginsberg i innsettelsesantrekket sitt, på tross av at stilikonet RBG ville ha snudd seg i graven over hva Mehl har gjort som justisminister. Foto: Justisdepartementet CC.BY.SA.

Før sommaren stilte Kjell Ingolf Ropstad følgjande spørsmål til justisminister Emilie Enger Mehl: ”Vil regjeringen sørge for at Kriminalomsorgen ivaretar innsattes rett til å praktisere sin religion også i det daglige fengselslivet?”

Her er eit utdrag frå svaret hennar: ” Fengslene prøver så langt det lar seg gjøre å tilrettelegge. I tilfeller hvor innsatte ønsker tilpassede måltider grunnet religion, løses dette vanligvis ved at fengslene finner praktiske løsninger i samråd med innsatte. I tilfeller hvor dette for eksempel utløser krav om at maten skal tilberedes i egne lokaler med separering av redskaper/utstyr og av eget personell, som er tilfellet i eksempelet fra representanten, lar dette seg sjelden gjennomføre av praktiske og økonomiske årsaker.”

Då dei to satt i fengsel i Stavanger, satt dei på to ulike institusjonar. Den eine fangen, Yigal Halwani, fekk bruke eigne kokekar. Attia fekk det ikkje. Samstundes klarte altså ein medfange, som arbeida på kjøkkenet, å sørge for det var kokekar satt til sides for Attia på ein institusjon der Kriminalomsorgen mente det ikkje var mogleg.

Eg kan vere litt vrang, og si at ministeren og Kriminalomsorgen ikkje vil finne ei løysing på problemet. Eg kan òg forsøke å vere litt raus og si at ministeren og Kriminalomsorgen ikkje har kunnskap til å forstå korleis dei bryt rettane til desse fangane. Oda Rygh, som òg skriv her i Liberalaren, meinar dei har på seg protestantiske briller og ho har heilt rett i at det er eit problem.

Protestantiske briller, kva er no det?!

Ein gong i slutten av 1995 satt eg på ein buss i Punjab. Kvar gong bussen passerte ein mandir, ein gurdwara, ein moske eller ei kyrkje, stoppa bussen framfor bygnaden i tre til fem sekund. Gitt utvalet av tempel, var stoppinga ikkje eit uttrykk for sjåførens religiøse preferansar. Dei andre passasjerane gjorde ein kortversjon av sin eige religiøse velsignelse kvar gong dette skjedde, heilt uavhengig av kva gudshus vi stoppa framfor. Så eg nytta mine “Angrez”-privilegier og stilte spørsmål som eg ikkje ville ha tort å spørre om eg hadde vore heime.  “Korfor stoppar vi framfor alle gudshus?” spurte eg. Sjåføren forklarte at trafikken var eit farleg og at det var best å ta dei naudsynte forholdsreglane når ein kunne. Det er ein logikk bare nyateistar kan argumentere mot.

Den gongen studerte eg religionshistorie, og eg lærte meir om religion dei månadene eg budde på ein bondegård i Punjab, enn eg hadde klart å lære heime. Som ateist i eit protestantisk samfunn hadde eg ein forestilling om at religion var ei tru. Ein skulle ha ein personleg relasjon med ein gud. Den indre samtalen var mellom meg og ein makt utanfor meg sjølv. Som nokon av dei nyreligiøse paganistane eg kjenner ville ha sagt når dei forsto kor naiv eg var “Oh! You sweet summer child!” Trudde du at George R. R. Martin henta den irettesetjinga frå sitt eige bryst?

I resten av verda, utanfor den protestantiske sfæren, er ikkje religion ein personleg relasjon til ein gud. Det er den virkelegheita ein lever i. Alle veit kor dødeleg trafikken i India er. Sjølv så eg fleire alvorlege trafikkulykker der på få månader, enn eg hadde sett i heile mitt liv i Noreg. Eg bruka å seie til min indiske familie at India sløste med mennesker, på same måte som Noreg sløste med straum. Så kva var skaden i å gjere ein kjapp puja når bussjåføren stoppa bussen i eit par sekund framfor eit gudshus?

Og her ligger nøkkelen til å forstå omgrepet protestantiske briller. Noreg er ein protestantisk kultur. Protestantar går inn i gudshuset sitt, har ein samtale med gud, og bryr ikkje andre med det. Om det er forståinga du har av religion, så er du ein protestant. Denne forståinga av religion er ikkje ein gong kristen. Den er protestantisk. Om det er sånn du tenkjer om religion, så er du protestant, sjølv om du ikkje er truande. Det er kulturarven din som sett rammeverket for din forståing av religion. Du har protestantbrillar.

Korleis er dei protestantiske brillene i vegen for minister Villikkje? Både menneskerettane, straffegjennomføringslova og ei rekke forskrifter og rundskriv stiller krav til at Kriminalomsorgen skal legge til rette for religionsfridom i fengsel. Om ein trur at religionsfridom handlar om personlege bønner på cella og moglegheit for å delta på ein gudstjeneste, har ein tilfredsstilt krava som ein protestant har til religionsutøving. Ein har ikkje tilfredstilt krava til de fleste andre religionar, inkludert fleire kristne retningar. Då Felix Attia snakka med Vårt Land på Bastøy sa han “Eg var fri til å være jøde, men berre på rommet mitt”

Jødisk religiøs praksis

No er ikkje denne tanken om at religion praktiseras utanfor gudshuset framand for jødar. Eit par tusen år med forfølging har gjort at den viktigaste religiøse praksisen foregår i heimen. Det er ikkje naudsynt å ha ei synagoge å gå til. Den daglege religiøse praksisen handlar om kva du gjer, kva du ikkje gjer og om faste bøner til faste tider. Og når eg seier faste bøner, så meinar eg det. Det er dei same bønane kvar gong. Jødar som praktiserar dei tre daglege bønene må ikkje finne dei opp sjølv for kvar gong, for denne personlege samtalen med gud er ein protestantisk praksis. 

Starten på sabbat begynner med å velsigne de nytente sabbatslysene. Challa-brødet er symbolsk for mannaen som reddet jødene fra sult under flykten fra slaveriet i Egypt. Foto: Leslie Grossman CC.BY.SA.

Og for liberalarar som har fått med seg nok Mises til å forstå betydinga av ordet praksis, så forstår dei òg konsekvensen av at religiøs praksis er å følgje reglar for kva ein kan gjere og kva ein ikkje kan gjere. Kosher-reglane er ein grunnmur i den jødiske religiøse praksisen. Mat er religiøs praksis. Det same gjeld ein for tilhengarar av ei rekke andre religionar, inkluderte katolsismen, islam, hinduismen, jainismen, sikhane, moronerane, og sjuandedags adventistar. ALLE desse religionane har reglar for kva mat dei kan ete som ein del av den religiøse praksisen sin. Likestillingsombodet har stadfesta det fleire gonger. Ombodet skal òg sjå på saken til desse fangane, men forvaltninga har si sommartid, og Kriminalomsorgen har nyleg flytta Attia til Ringerike, der han ikkje lenger har Joker-kjøpmannen eller tilgang til å lage mat sjølv.

Starten på sabbaten er den mest sentrale delen av jødiske religiøse ritualer. Den startar kvar fredag ved solnedgang. Av historiske årsaker er det ikkje synagogen som er sentrum for religiøs praksis, men heimen. Familiens kvinnelege overhovud velsignar sabbaten ved å tenne på to lys og velsignar starten på kviledagen. Ho velsignar òg challaen, som er eit brød som er bakt for høgtida. Dette er kjernen i jødisk praksis.

Attai oppdaga at han kunne få hamburgarbrød som var kosher etter ikkje å ha spist brød på mange månader. Han bad om å få tre til ein høgtid. Han fekk to. Dei av oss som har spist heimebakt challa, ja til og med butikkbakt challa, kan ikkje anna enn å forstå kor nitrist det må vere å bruke eit hamburgarbrød i staden for challa under ei høgtid. Eg skammar meg over at vi utsett folk for dette.

Minoritetsfangar som svelt

Minister Villikje og Kriminalomsorgen fortener all mogleg kritikk for å forhindra desse to i å praktisere sin religion. Det seier mykje om kor lovlydig den jødiske befolkninga i Noreg er, når vi må importere fangar frå Israel for å teste kor lydhøyr den norske Kriminalomsorgen er til heilt grunnlegjande minstekrav om å leggje til rette for religiøs praksis for jødar i fengsel.

Muslimske fangar har for lengst vorte høyrt når dei krev at måltid skal leggjast til rette for deira religiøse praksis. Dei skal få alternativ når det til dømes serveres svin til middag. Likestillings- og diskrimineringsombodet tok saka i mai, mellombels har Attia ikkje fått varme måltid han kan ete sidan han kom til Noreg. Og Noreg har underteikna på at Kriminalomsorgen skulle se til at han skulle få sine religiøse menneskerettar mens han sona i Noreg.

Mest lest

Arrangementer