Kommentar

Hodelaus nedbygging av Noreg

Det starta på laurdag. Nokon delte NRK sin reportasje Noreg i raudt, kvitt og grått på det sosiale mediet Blue Sky. Eg las igjennom reportasjen. Det var ikkje mykje der som overraska meg, eg har tross alt vore redaktør i ein av dei biologiske organisasjonane i over seks år. Men den visuelle presentasjonen var slåande. Eg delte lenka vidare. Eit par timar seinare var denne eine nesten alle lenkene som fløyt rundt på min vesle del av på Blue Sky. Sånn var det på alle sosiale media i helga.

En gruppe mennesker som undersøker en styvet eik i en bratt dalside
Artsjegarar frå Noregs sopp- og nyttevekstforbund jaktar på sopp i Eikesdalen i 2018. Av dei over 1300 funna som vart registrert i Artsdatabanken, var det artar som ikkje hadde vore funne i Noreg før. Foto: Lene Johansen.

NRK fant 44 000 inngrep over ein periode på fem år. Kontrastane mellom frodig natur og gråbrune anleggsplassar var stor. Det var kontrasten og omfanget som var sjokkerande for folk.

Det er politikarane som har ansvaret for nedbygginga. Dei tar bar avgjerd i ei og ei byggesak om gangen, og det er ingen som ser på heilskapen. For kva gjer det vel om ein bygger ned ein eikeskog i Porsgrunn? Det er jo så mykje annan varmekjær lauvskog å ta av der.

Eller ein holme langs Helgelandskysten? Det er hundrevis av dei!

Eller ei myr på Blefjell? Torva er så fint å blande ut med jord til potteplanter, og det er jo berre ei myr og den kan jo ikkje lagre SÅ mykje CO2!

Desse 44 000 inngrepa frå 2017 til 2022. Kor mange inngrep har det vore på dei 18 åra sidan Riksrevisjonen peika på at det ikkje var nokon heilskapleg plan for biologisk naturmangfald i Noreg? Ikkje noko har endra seg sidan da. Kommunane har framleis ikkje kartlagt skikkeleg. Dei har framleis ikkje den kunnskapen som loven krev før dei fattar vedtak om utbygging. Ni av ti arealplanleggingsavgjerder vert gjord på initiativ frå ein kommersiell utbyggjar. Dei skal byggje i nye område, ikkje utnytte dei eksisterande smartare.

Merksemda har gitt eit gamalt tema nye bein å gå på. Måndag morgon måtte sjølvaste klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen stå til ansvar på Politisk Kvarter. Han hadde lite å komme med. Dei held på å få på plass nye system som skulle forhindre slikt sa han. Men systema har vore på plass i nokre år nå. Eg skreiv om historia til norsk naturforvaltning i 2019. Dei systema vi har no, var på plass då. Problemet er at kommuneadministrasjonen og politikarane ikkje brukar systema når dei skal ta avgjerder.

Naturen røyster jo ikkje i lokalvalet.

Mest lest

Arrangementer