Magasin

Naive politikarar i ei global verd

Du fekk kanskje med deg at direktøren i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sofie Nystrøm, gjekk på dagen rett før jul. Årsaka var at NSM hadde tatt opp eit lån på 200 millioner kroner utan godkjenning frå Stortinget. Det vil seie, det er ikkje Stortinget som skal godkjenne lån, men dei gjer økonomiske løyver til offentlege verksemder og verksemdene må halde seg innanfor budsjettet Stortinget har gjett dei.

Litt bakgrunn

Justisminister Emilie Enger Mehl kravde at Nystrøm måtte gå. Nystrøm kontra tilbake med at slike lån var vanlege i offentleg sektor. Ein hurtigarbeidande komité fekk oppdraget med å finne ut av fakta i saken. Tidlegare sentralbanksjef Svein Gjedrem la fram kva dei hadde funne på fredag i førre veka, og dei hadde funne mange, alvorlege feil.

Eg skal ikkje gå inn på alle her, men det viktigaste er at Nasjonalt tryggingsorgan hadde ei leieavtale der husleiga òg dekka nedbetaling på eit lån. Den avgåtte direktøren sa at slike lån var vanlege i offentleg sektor. Ministeren sa at det var berre tull. Slike lån var ulovlege. Ho sa ikkje noko om at Justis- og beredskapsdepartementet sjølv hadde ein leiekontrakt som inkluderte 300 millionar i lån frå utleigar.

Ein kan kanskje tenkje at korleis staten finansierar leige og tilpassing av sine kontorlokalar er så teknisk og keisamt at det ikkje er noko ein skal gidde å bry seg med. Eg er usamd. Det at staten har slike avtalar og at ein minister går så høgt på banen som Enger Mehl har gjort i denne saka peker på ein viktig megatrend i samfunnet som vi ikkje snakkar nok om. Vi lev i eit finansialisert samfunn.

Finansiali-kva for noko?

Finansialisering av samfunnet, overgangen frå industrikapitalismen til finanskapitalisme, er ein prosess dei vestlege demokratia har haldt på med sidan 1980-talet. Det er ein global prosess som òg verkar på land som ikkje er vestlege demokrati. Det er finansindustrien som er drivaren i verdsøkonomien no.

Finansialisering er ein prosess der handgripelege verdiar, som eit husvære eller daglegvarer, vert konvertert til eit finansinstrument. Eit finansinstrument er eit verdipapir som kan omsettas, utan at handelen med verdipapiret har nokon verking på den fysiske varen finansinstrumentet byggjer på.

Denne verda synest ikkje for dei fleste av oss, anna enn når matbutikken eller flyselskapet vil at vi skal søkje om deira kredittkort fordi dei gjer oss pengar og bonuspoeng. Både Coop, Norgesgruppen (Joker, Kiwi og Meny), Norwegian og SAS har sånne kort. Tenk på det som om finansindustrien legg ein ekstra kostnad på alt vi kjøper, som dei kan hauste gjennom finansinstrument.

Dette burde ha vore heilt synleg for oss alle då amerikanske finansverksemder fekk verdsøkonomien til å knele i 2008 etter at dei gjekk over styr fordi dei hadde pakka om amerikanske huslån for å gøyme dårlege låntakarar i same bunke lån som dei gode. Når dei som investerte i slike bunkar med gjeldsbrev blei klar over problemet, tok dei pengane sine ut av marknaden og bankane gjekk tom for pengar. Amerikanske skattebetalarar fekk rekninga for å redde aksjonærar i finansverksemdene, og folk over heile verda måtte leve med dei økonomiske konsekvensane. Noreg hadde negativ BNP i 2009, det året konsekvensane frå USA skylja inn i norsk økonomi.

Problemet med finansbransjen

Eg er den første til å forsvare globaliseringa. Det er ingen tvil om at finansbransjen gjer ein viktig jobb når dei sørgjer for at vanlege folk får kreditt til å kjøpe hus, bil og anna dei treng. Bransjen gjer òg ein viktig jobb når dei skapar betalingssystem med lave transaksjonskostnadar, gjer folk moglegheita til å ha pengar på konto, sende pengar til andre, spare i ei rekke trygge og etablerte finansinstrument som aksjar, fond og offentlege og private gjeldsbrev.

Problemet er at det ikkje er så mykje pengar i desse etablerte produkta. Den globale bransjen står ovanfor og utanfor nasjonalstatanes regulering av slike produkt, og de finn stadig på nye finansinstrument å tene pengar på. Dei store pengane er i desse grå marknadene på grensa mellom etablerte produkt som er regulert og desse nye påfunna kor den faktiske risikoen ikkje heilt er tydeleg for alle partar, men så lenge det er folk som er villige til å kjøpe og selje tener ein pengar på omsetjinga. Vi har ei boble, heilt til det går over styr.

Reint prinsipielt er det ikkje noko problem at investorar tar risikoar dei trur dei har råd til. Problemet er at finansbransjen ikkje fungerer sånn lenger. For det første har ikkje dei liberale demokratia mage til å la finansverksemdene få tryne og gå konkurs. Dei er for store til at dei kan bryte saman, som det heiter. Konsekvensane for innbyggjarane i dei liberale demokratia blir for uføreseielege.

For det andre er dei største investorane pensjonsfond, altså dei som tar vare på pensjonspengane dine og mine. Dei krev høg, stabil avkasting og at nasjonalstatane skal vere med på å gjere finansverda stabil, utan for store svingingar opp eller ned. Pensjonsfonda er oss.

Finansnæringa lekar utforskarar på grenselandet av pengemarknaden, mens pensjonsfonda og politikarane vil ha stabilitet. Sidan finansnæringa er global og nasjonalstaten er nasjonal, eksisterer dei globale finansverksemdene i ei verd utan regulering. Det blir finanskriser av sånt.

Tilbake til norske leigekontraktar

No som vi forstår kva finansialisering er, kan vi ta ein ny titt på problemet til Enger Mehl. Finansialiseringa er ein megatrend som gradvis har bygd seg opp, og som verkar på det norske samfunnet. Det er naturleg å anta at det politiske Norge ikkje har tatt denne megatrenden innover seg, akkurat som andre megatrendar dei ikkje tek omsyn til. Vi veit at ho gav feil informasjon til Stortinget rett etter Nystrøm gjekk av. Vi veit i alle fall om eit eksempel på at offentlege leigekontraktar inneheld avbetalingar på private lån, nemlig leigekontrakten til hennar eige departement. Med tanke på kor mange leigekontraktar staten har inngått dei siste åra, etter åtaket på regjeringskvartalet i 2011, finns det nok fleire.

Eit anna eksempel på at det politiske Norge ikkje har lagt merke til finansialiseringa er aksjehandlinga til ektefellene til Huitfeldt og Solberg. Ingen av ektefellene deira har brote nokon lovar eller regler, sjølv om det har gjort at Huitfeldt og Solberg har vorte inhabile i sakar dei har handsama som ministrar. Poenget er at i ein finansialisert verd bør det være reglar for kva finansinstrument politikarar på alle nivå kan og ikkje kan handle. Dei same reglane bør òg gjelde byråkratar på eit visst nivå i kommune, fylke og stat fordi dei òg har innsyn i intern sakshandsaming og lokalsamfunn på ein måte resten av oss ikkje har.

Tilsettinga av Nicolay Tangen som leiar for Oljefondet skulle ha vore saken som gjorde at vi fekk slike reglar på plass, men han var nøydd til å finne på ein eiga løysing for å tilfredsstille indignerte røyster på venstresida av norsk politikk. Han sett pengane sine inn på ein bankkonto. Det same har Jonas Gahr Støre gjort, men ikkje fordi det var eit krav frå den norske venstresida. Han var lei av at journalister forsøkte å grave i privatøkonomien hans.

Krisa som Enger Mehl sitt med no er varsla. Den bør føre til at ho går av. Ikkje fordi ho har vore blind for megatrenden finansialisering som resten av det politiske Norge, men fordi ho er ein minister ein ikkje kan lite på. Ho er ein mester i å gøyme seg bak maktspråk (abo) når ho blir konfrontert med plagsame spørsmål, og ho går høgt opp på banen før ho har alle fakta i ein sak. Ho ofrar folk når ansvaret ligg hos henne. Ho tek ikkje ansvar. Det er kanskje derfor ho blir sittande, men det er ikkje bra for demokratiet.

Mest lest

Arrangementer